HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaRutinane på gult nivå vert vidareført i barnehage, SFO og skule

Rutinane på gult nivå vert vidareført i barnehage, SFO og skule

SFO og barnehage har starta opp etter ferien, og dei føl dei same rutinane som blei innført i byrjinga av juni. 

Tiltaka som gjeld ved gult nivå er:

1.            Ingen sjuke skal møta i barnehage/SFO eller skule

2.            God hygiene og forsterka reinhald

3.            Kontaktreduserande tiltak:
Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (håndhelsing og klemming). Heile avdelingar/trinn/ klassar vert rekna som ein kohort, men tilsette kan veksle mellom kohortar/ klassar. Unngå trengsel og store samlingar. Tilstrebe avstand mellom ulike kohortar. Prøve å dele inn uteområdet for å halde avstand mellom kohortar.
To kohortar kan  samarbeide ved behov.

Barnehagane har redusert opningstidkl 07.00 – 16.00, med høve til utvida tid for dei som har behov.

Er barna friske nok til å kome?

Barn under 10 år med lette symptom kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, men elles har god almentilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon treng ikkje haldast heime eller bli testa.

Om du er usikker på om barna er «friske nok» til å kome i barnehage, skule, sfo kan du ringe koronatelefonen 453 77 777 for råd.


Sist oppdatert: 09.08.2020
Publisert: 09.08.2020