HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaSkule og SFO frå måndag 27. april

Skule og SFO frå måndag 27. april

SFO opningstid

SFO vil vere open frå 07.30 til 16.00. Dette er svært krevjande å bemanna ut frå retningslinjene for smittevern. Me vil difor ha ei kartlegging kvar veke av ditt barn sine bringe- og hentetider i SFO. Du vil bli kontakta av skulen din.

Organisering

Elevane vil gjennom skuledagen høyre til ei fast gruppe av barn for å redusere nærkontakt mellom personar. Me er anbefalt om lag 15 born i kvar faste gruppe. Ei slik fast gruppe skal i minst mogeleg grad vere saman med andre. Innan ei slik fast gruppe kan elevar og tilsette samarbeide, lære og leike saman. Vi kan endre på gruppene etter ei helg.

Hente og bringe

På dei skulane der føresette leverer og henter på SFO, vil me at dei møter utanfor SFO. Slik kan me avgrense tal personar i garderobe, gang og SFO-rom. Lever gjerne borna i eigna uteklede, då me planlegg å vere mykje ute i denne perioden.

Nasjonale kartleggingsprøvar

Skulane vil gjennomføre nasjonale kartleggingsprøvar, og vi vil ha fokus på å få gjennomført desse for perioden.

Kan ditt barn kome til skulen?

Har ditt barn kroniske sjukdommar som kan gi grunnlag for at eleven skal haldast heime og få tilrettelagt undervisning frå skulen? Ta kontakt med lege for råd, før du vender deg til skulen.

Om ditt barn ikkje kan kome til skulen grunna risiko hos barnet eller dykk føresette

  • Ta kontakt med fastlege for råd og eventuell stadfesting
  • Ta kontakt med rektor på skulen for avtale

Skuleskyss og retningslinjer

Skyss som kjøyrer for oss har retningslinjer som seier at:

  • Borna må halde ein meter avstand på busshaldeplassen.
  • Det kan sitje eitt born per to-setar i bussen.

Me ber alle føresette om å snakke med borna før dei kjem på skulen. Ta gjerne utgangspunt i film frå Utdanningsdirektoratet.

Trykk her for å finne filmar til born og foreldre frå Utdanningsdirektoratet.

Me gleder oss til å sjå elevane igjen!

Helsing rektorane og alle oss andre Vaksdalskulen. 

Trykk her for å lese veileder for skuletrinn 1-7 frå Utdanningsdirektoratet.


Sist oppdatert: 10.12.2020
Publisert: 22.04.2020