HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaStatus for institusjonane, skulane og barnehagane

Status for institusjonane, skulane og barnehagane

Institusjon

Helsedirektoratet har no laga ein vegleiar for gjenopning av institusjonane i landet. Det nasjonale forbodet mot besøk vert oppheva, og kvar kommune er no ansvarleg for eigne rutinar for besøk. Opninga skal skje på ein forsvarleg måte med tanke på smittevern, og må tilpassast kvar kommune og institusjon. Vegleiaren gjev ikkje ein fasit alle kommunar skal følgje. Det er framleis anbefalt adgangs-kontroll og restriksjonar, institusjonane vert ikkje opna for fri ferdsel.

Mange kommunar har hatt langt strengare opning enn me har hatt dei siste vekene.  Frå heilt stengt, til svært begrensa tal besøk i løpet av ein mnd, og at få personar frå kvar familie har fått kome på besøk. Det er varierande korleis våre pårørande har opplevd dei tilrettelagte besøka i Vaksdal kommune, men fleire har gitt utrykk for at besøk i døropning ikkje er tilfredsstillande. 

Me skal saman med kommuneoverlege og kommunal kriseleiing finne ut korleis opninga skal skje på våre institusjonar. Målet er å finne gode løysingar som sikrar både smittevern og behovet for kontakt både for bebuarane og de som pårørande. 

Me vil bruke dei neste dagane på finne gode og trygge løysingar. Fram til dess vert må me halde på dei reglane me har i dag, med at pårørande kan møte i ytterdøra. Det er meldt flott vær i helga, og for dei som ynskjer kan besøk skje utandørs. De må framleis tinge tid til besøk, slik de har gjort til no. Då får de informasjon om ny ordning i neste veke.

Trykk her om du vil lese vegleiaren.

Barnehage

Frå tirsdag 02. juni vert opningstida 07 - 16 for alle. Det er framleis omsorgstilbod for dei som har rett på dette. Det er varsla ny veileder til barnehagane i dag og det er sagt at ein avdeling no kan vera ein "kohort"/gruppe. Dette gjer at me i første omgang kan utvide opningstida til kl. 16. Me kjenner ikkje reglar for samarbeid mellom avdelingar og reinhald før veilederen kjem, og kan difor ikkje planlegge for full opningstid før me veit meir.

Me oppdatere om eventuelle endringar i neste veke.

Skule

Skulane i Vaksdal held fram med same organisering som i dag, og foreldre vert oppdatert via skulen sine eigen kanalar.


Sist oppdatert: 29.05.2020
Publisert: 29.05.2020