HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaStatus idrett, kultursal, symjehall og fotballkampar

Status idrett, kultursal, symjehall og fotballkampar

Godt møte med Vaksdal Idrettsråd og Vaksdal Musikkråd

Måndag kveld har kommunen hatt møter med Vaksdal Idrettsråd og Vaksdal Musikkråd om bruk av kommunale bygg.
Kommunen prioriterer born og unge sine aktivitetar, og vil opne for vaksne sine aktivitetar så langt det er mogeleg.
Kommunen har bedt musikkrådet og idrettsrådet melde inn sine ynskje for bruk av lokale, samt å prioritere desse internt. Kommunen vil så lage romplanar for kommunale bygg som ivaretar aktivitet i tråd med reinhald på gult nivå.
Reinhald blir auka så mykje me har kapasitet og personale til innanfor gjeldande reglar.

Me opplevde dialogen med idrettsrådet og musikkrådet som god og positiv, og ser fram til det vidare samarbeidet utover hausten.

Kultursalen og symjehallen
Kultursalen og symjehallen i Dale skule vert ikkje klare for bruk før haustferien.
Symjehallen vil bli opna for skuleelevar og terapibad så snart personalet har gjennomført livreddingskurs i den nye hallen. Vidare opning for publikum vil me komme tilbake til.

Fotballkampar
Kommunen rår ifrå å arrangere fotballkampar inntil vidare.


Sist oppdatert: 25.08.2020
Publisert: 25.08.2020