Status søndag kveld (25.april)

Me har no fem innbyggjarar som er smitta, og det er smitte med direkte tilknyting til LAN som vart arrangert i Turbinen førre helg. Dette gjer at mange er i karantene og ventekarantene.

Digital undervisning og begrensingar i barnehage

Når mange tilsette er i karantene og ventekarantene får det også konsekvensar for dei kommunale tenestene. Det har vore arbeidd godt i helga for å planlegge veka som kjem. Dei som vert berørt av digital undervisning og stengt eller kortare opningstider i barnehage med meir får beskjed om dette i eigne kanalar.

Digitale møte og stengte bygg

Kommunestyremøtet tysdag vert halde digitalt og kommunale bygg vil ikkje vera opne for aktivitetar måndag og tysdag som følgje av situasjonen.

Smittevernreglane er fulgt

Det er viktig å seie at smittevernreglane har vore fulgt på ein god måte av arrangør og deltakarane på LAN. Me kan ikkje heilgardere oss mot smitte, og me set i verk dei tiltaka me kan for å begrense smitten. Kommunal kriseleiing har god oversikt over situasjonen, og føl utviklinga tett.

Hugs å følgje smittevernreglane

Hugs å halde avstand, vaske hender og halde dykk heime om de er sjuke. Ring koronatelefonen 453 77 777 for å avtale testing om de har symptom.

Hege  Eide Vik
Ordførar


Sist oppdatert: 25.04.2021
Publisert: 25.04.2021