HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaUtvida opningstid i barnehagane frå 18. mai

Utvida opningstid i barnehagane frå 18. mai

Vi er glade for å vere i gang att og å ha barna i barnehagen😊. 

Det har gått fint den fyrste tida og hygienetiltaka har vorte rutine. No startar vi gradvis utviding av tilbodet med lengre opningstid.

Ingen matservering

Fram til sommaren vil vi ikkje ha matservering, så barna må framleis ha med matpakke. Dei får drikke av barnehagen. Det vert ikkje kostpengar så lenge dette gjeld.

Utvida tilbod til foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar

Vi har framleis utvida tilbod/omsorgstilbod til dei som har rett til det (foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar). Dersom du har behov utanom opningstida må du gje melding til styrar så snart som mogeleg og seinast torsdag 14. mai kl 12. For veke 22 må vi ha melding innan tysdag 19. mai kl 12. 

Ny veiledar

Det er nokre endringar etter at vi fekk ny veiledar. Dei viktigaste momenta gjeld gruppestorleik og samarbeid mellom grupper og at vi ikkje skal vaske uteleiker/apparat lenger.
Gruppene kan aukast og fleire grupper kan samarbeide. I praksis vil det seie at vi kan organisere avdelingsvis, men med faste grupper i kjernetida (ca 08-1430).  De må framleis levere barna i porten/utanfor avdelingane (slik de gjer no).


Sist oppdatert: 14.05.2020
Publisert: 14.05.2020