Utvida reglar for besøk på helseinstitusjonane våre i juletida – gjeld frå fredag 18.desember
Vi utvidar no tal og tid for besøkjande på institusjonane våre, og gjer samstundes merksam på at smittereglane alltid må overhaldast.
Besøk frå fredag 18.12
Frå fredag 18.12 kan inntil fire personar, inntil to gonger i veka komme på besøk. Besøket kan vare inntil to timar.
Julaftan, nyttårsaftan og heilagdagane
På julaftan, nyttårsaftan og heilagdagane har vi utvida besøkstida til inntil tre timar.
Justeringar kan komme undervegs.
Smittereglane inne på institusjonane er dei same som tidlegare.
Sist oppdatert:
03.01.2021
Publisert:
17.12.2020