Vaksinering og testing i sommar

Vi er no i gang med å vaksinere innbyggjarar i aldersgruppa 18-24 år og 40-44 år. Om ikkje lenge er vi klare til å gi første vaksinedose til den siste aldersgruppa 25 til 39 år.

Er du på ferie når du har fått vaksinetime?

Då er det viktig at du avbestiller timen, ellers kan vi risikere at vaksinedosar går tapt. Vi vil be deg om å sende ein e-post til korona@vaksdal.kommune.no når du veit når du er klar for vaksinering. Du vil då etter kvart få tildelt ein ny time til vaksinering.

Redusert opningstid for koronatelefon og - testing  dei neste fem vekene

For å få gjennomført vaksineringa må vi redusere opningstida på koronatelefon og -testing.

Frå måndag 12. juli vil koronatelefonen være open måndagar frå kl 09.00 – 11.00.

Om du treng å teste deg kan du få ordna dette i teltet på Festplassen i Bergen. Her treng du ikke timebestilling.

Trykk her for å sjekke opningstider på nettsida til Bergen kommune.


Sist oppdatert: 09.07.2021
Publisert: 09.07.2021