HjemHelse, sosial, omsorg, bustadKoronaAktuelt koronaVentekarantene - eit viktig verkemiddel for å hindre spreiing av koronaviruset

Ventekarantene - eit viktig verkemiddel for å hindre spreiing av koronaviruset

Ventekarantene er ei førebels karantene for personar som kan ha vore eksponert for virus. Du må være i ventekarantene til kontakten som er i smittekarantene har testa negativt på Covid-19.

Desse to gruppene må i ventekarantene:

  1. Alle som bur saman med personar som er i smittekarantene skal i ventekarantene.  (Nasjonal regel innført 29.mars 2021)
  2. Barn og tilsette i skule og barnehage blir pålagt ventekarantene om dei har ein nærkontakt som er i smittekarantene. (Iverksett av kommuneoverlegen/kommunal kriseleiing).

Kommunen vil og anbefale andre som har hatt nær kontakt med ein person som er i smittekarantene om å halde seg i ventekarantene. Dette fram til personen som er i smittekarantene er testa og har fått negativt svar.

Smittekarantene er det vi tidlegare har kalt "karantene". 

Der er nokre unntak frå ventekarantene.

Trykk her for å lese meir om karantenebestemmelser og unntak på nettsida til Helsedirektoratet.


Sist oppdatert: 25.04.2021
Publisert: 25.04.2021