Koronavaksine

Vaksinering mot Covid-19 sommaren 2021

Kommunen er no (9. juli) i gang med å vaksinere innbyggjarar i aldersgruppa 18-24 år og 40-44 år.

Om ikkje lenge er vi klare til å vaksinere den siste gruppa - alder 25 til 39 år.

Vi kallar inn til vaksinering etter kvart, og reknar med at alle over 18 år har fått første dose i siste halvdel av september.

Kva må du gjere?

  • Registrer deg for vaksine her på kommunen si nettside (sjå menyen under)

Kva skjer så?

  • Vi kallar deg inn og gjer deg time til vaksinering

Kva om eg er på reise når eg får time?

  • Avbestill timen med ein gong, og ta kontakt når du er tilbake

Kva med dose to av vaksinen?

  • Du får time til dose to etter at du har fått første dose av vaksina

Kva vaksine får du?

  • Du får Pfizervaksine

Tilhøyrer du ei risikogruppe, og har ikkje fått vaksine?

  • Ta kontakt med fastlegen din og avtal tid for vaksinering

Er du usikker på om du er i risikogruppa? Du finn informasjon om dette i menyen "Om riskikogrupper som er prioritert i vaksinekøen" lenger nede på sida.

Registrer deg for koronavaksine

Trykk her og logg deg inn med din Bank-ID for å registrere deg for koronavaksine

(Du vel språk ved å trykke på globusen oppe til høgre inne i registreringstenesta).

  • Du kan også registrere på vegner av andre (til dømes familie som ikkje klarer å registrere seg sjølv). Du logger inn med din eigen Bank-ID og vel "Registrer på vegne av..:" i første trinn på registreringa.
  • Dersom du IKKJE ynskjer å bli vaksinert ber vi også om at du registrerer deg, og kryssar av for at du ikkje vil bli vaksinert. 
  • Dersom du allereie har fått vaksina må du ikkje registrere deg. 
  • Du treng heller ikkje å registrere deg her dersom du er helsepersonell som får vaksina i anna kommune, helseføretak e.l.
  • Vaksina er gratis og frivillig. Det er kommunen som gjennomfører vaksineringa. 
  • Du skal ikkje kontakte fastlegen din for koronavaksine.
  • Det kan ta lang tid frå du registrer deg til det blir din tur. Du vil få nærmare informasjon om når og kor du skal møte til vaksinasjon
    • Du må registrere deg sjølv om du har vore oppringt frå koronateamet, men ikkje har fått vaksine.

Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast.

Trykk her for å lese meir om vaksineringsprogrammet på nettsida til Folkehelsinstituttet.

Om du ikkje kan registrere deg her, ring vaksinetelefonen: 966 34 327 (måndag -  fredag mellom kl 9.00 og 15.00).

Tal vaksinerte i Vaksdal kommune - oppdatert 9. juli. Neste oppdatering kjem i veke 32

Tal personar som er fullvaksinert med Covid-19-vaksine:

19. februar: 88 personar

26. februar: 148 personar

5. mars: 211 personar

12. mars: 246 personar

19. mars: 248 personar

31.mars: 260 personar

9. april: 268 personar

16. april: 271 personar

24. april: 272 personar

30.april: 328 personar

7. mai: 388 personar

14.mai: 424 personar

21.mai: 523 personar

28. mai: 716 personar

4. juni: 895 personar

11. juni: 990 personar

18. juni: 1066 personar

25. juni: 1119 personar

2. juli: 1133 personar

9. juli: 1183 personar

Vaksiner sett (tal doser) Vaksiner planlagt (Tal doser) Vekenummer
79   5
72   6
72  

7

60  

8

172  

9

158  

10

 54   

11

 72  

12

 60  

13

 108  

14

 132  

15

 108           

16

 156   

17

 126  

18

 96  

19

108  

20

 256  

21

 318
 

22

 184  

23

 190  

24

 216  

25

 201  

26

 139  

27

  114

28

Bebuarane på institusjonane våre var fullvaksinerte fredag 12. februar.

Kva er rekkefølgjen på vaksineringa?

Vi vil ikkje ha nok vaksinar til alle i starten. Førebels har regjeringa bestemt av vaksinasjonen skal skje i denne rekkjefølgja – basert på råd frå Folkehelseinstituttet:

Dette er prioriteringsrekkefølgjen no:  

  1. Beboere i sjukejeim 
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75-84 år 
  4. Alder 65-74 år - og samtidig personer mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstander med høg risiko for alvorleg forløp 
  5. Alder 55-64 år med underliggende sjukdomar/tilstandar   
  6. Alder 45-54 år med underliggende sjukdomar/tilstandar 
  7. Alder 18-44 år med underliggende sjukdomar/tilstandar 
  8. Alder 55-64 år 
  9. Alder 45-54 år 
  10. Alder 18-24 år og 40-44 år
  11. Alder 25-39 år

Trykk her for å lese meir om prioriteringar hos Folkehelseinstituttet.

Om risikogupper som er prioritert i vaksinekøen

Personer med følgjande sjukdomar/tilstandar er definert som medisinske risikogrupper:

  • Organtransplantasjon*
  • Immunsvikt*
  • Hematologisk kreftsykdom siste fem år*
  • Annen aktiv kreftsykdom, pågående eller nylig avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)*
  • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsykdommer som medfører nedsatt hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese)*
  • Downs syndrom*
  • Kronisk nyresjukdom eller betydelig nedsatt nyrefunksjon*
  • Kronisk leversjukdom eller betydelig nedsatt leverfunksjon
  • Immundempende behandling som ved autoimmune sjukdomar
  • Diabetes
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorlig astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Demens
  • Kroniske hjarte- og karsjukdomar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • Hjerneslag

Annan svært alvorlig sjukdom kan og gi økt risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle vert vurdert individuelt av fastlege.

Ungdom 16-17 år

Det er opna opp for vaksinasjon av ungdom med høy risiko for alvorlig sykdom.

Dette er først og fremst ungdom som har alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdomar eller medfødde syndrom, men og sjukdomar merka med * i lista over.

Dette er ei ny prioritering og den det gjeld må ta kontakt med fastlegen.

Kva kostar det?

Koronavaksinen er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet og er gratis.

Om vaksinasjonsprogrammet

Vi føl vaksinasjonsprogrammet til Folkehelseinstituttet.  Dette kan endre seg undervegs, avhengig av mellom anna kva vaksiner som er tilgjengeleg. 

Trykk her for å sjå Folkehelseinstituttet sitt vaksineringsscenario.

Norge får tilgang på ulike vaksinetypar. Vi får tilsendt vaksinar etter kvart og vaksinerer etter oppsett plan.

Dei som blir prioritert blir kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste.

Trykk her for å komme til spørsmål og svar om koronavaksinen på HelseNorge.no.

Trykk her for å lese meir om programmet for koronavaksinasjon hos Folkehelseinstituttet.


Sist oppdatert: 22.07.2021
Publisert: 18.12.2020