Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistanse?
Om du har nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).
Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse - og omsorgstenester.
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post.
Du kan Velge mellom tre ulike måter å sende søknad:
1. Elektronisk via eDialog
Korleis logga inn i eDialog
- Trykk her for å logge inn i eDialog.
- For å nytte tenesten, må du logge på/autensiere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
- Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokument du vil sende inn
2. Lever søknad og vedlegg på Heradshuset på Dale
3. Send i posten til:
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam
Kva skjer vidare?
- Vi vurderer søknaden din, og tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
- Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svar.
Kva kostar det?
Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigendel.
Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.
Kva får du?
Du får ein assistent som kan hjelpe deg personleg og hjelpe deg med praktisk husarbeid.
Du styrer sjølv:
- kven du vil ha som assistent
- kva assistenten skal gjere
- når assistenten skal vere hos deg
Dersom du sjølv ikkje kan vere arbeidsleiar for assistenten, kan du gi rolla som arbeidsleiar til nokon som kjenner deg godt.
Slik vel du assistent
Vaksdal kommune har ikkje ordning for å velge leverandør av brukarstyrt personleg assistanse. Dersom det er særskilte behov kan dette formidlast i søkeprosessen.
Kontakt oss
Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med forvaltninga.
E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no
Koordinator Ann Marit M. Lie
- Mobil: 488 80 319
Sakshandsamar Line Cecilie Tveit
- Mobil: 488 80 310
Sakshandsamar Thea Tufte
- Mobil: 453 77 963
Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam