Hjelp i heimen

Heimehjelp er eit tilbod til innbyggjarar som treng hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonstap, alder eller andre årsaker.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på Heradshuset på Dale eller send dei til: 

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva kostar det?

Sjå oversikt over prisar på heimetenester her.

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :

  • Personleg hygiene
  • Matlaging
  • Reingjering
  • Klesvask

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap

Kontakt

Har du spørsmål, ta kontakt med forvaltninga.

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Line Cecilie Tveit

Sakshandsamar Thea Tufte

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam

Avdelingsleiar for heimetenesta Maria Kolstad

Korleis kan eg klage?

Trykk her for meir informasjon om din rett til å klage.

Les meir


Sist oppdatert: 13.05.2020
Publisert: 01.06.2018