Følgjekort

Følgjekort er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Kortet gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur -og fritidsarrangement  og offentleg transport .

Slik søkjer eller fornyar du følgjekort

Du søkjer elektronisk. Innlogging med ID-porten (BankID eller liknande).

Klikk her for å gå til søknadsskjema.

  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du søkjer
  • Legg ved eit passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist. 
Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Kortet blir innvilga for fem år om gongen.

Krav til søkjar
  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.


Sist oppdatert: 27.05.2024
Publisert: 01.06.2018