Vil du bli støttekontakt?

Vil du bli støttekontakt/fritidskontakt? 

Som støttekontakt/fritidskontakt får du godtgjerdsle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ein meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng vi ulike støttekontaktar!

Slik søkjer du

Ta kontakt med:

Kva skjer vidare?
  1. Vi prøver å svare deg innan fire veker.
  2. Vi kallar deg inn til ein ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vera støttekontakt.
  3. Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye støttekontaktar.

 


Sist oppdatert: 05.06.2023
Publisert: 06.06.2018