HeimHelse, sosial, omsorg, bustadPsykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam

Kven er vi?

Teamet er tverrfagleg samansett. Det består av lege, prest, psykolog, barne- og ungdomsarbeider, helsesyster og psykiatriske sjukepleiarar.
Kriseteamet er eit supplement til det ordinære hjelpeapparatet, og vil vere ei hjelp i ein tidsavgrensa periode. 

Kriseteamet består av

June Eide Viken (leiar)

Mie Danielsen Kvamme (sjukepleiar, psykisk helse)

Brith Kydland (helsesjukepleiar)

Cathrine L. Leikanger (psykolog)

Anne Kari Helle (sjukepleiar, palliasjon)

Katrine Hesjedal-Johannessen (helsesjukepleiar)

Ole Anders Brekkhus (miljøtarbeidar)

Trond Olav Magnussen (miljøarbeidar)

Emelie Skjerveggen Dahle (helsefarabeidar, psykisk helse)

Edvard Bø (prest)

Frode Kvamsøe (prest)

Kontakt

Lurer du på noko knytt til arbeidet vårt, ta gjerne kontakt med

June Eide Viken (Leiar for psykisk helse og rus)

Kva gjer vi?

Det psykososiale kriseteamet i Vaksdal kommune gir omsorg og stønad til familiar og enkeltmenneske som har opplevt brå og uventa død av nært familiemedlem.
Det kan vere i samband med sjølvmord, ulukker, akutt sjukdom, valdshandlingar, barnedød og andre alvorlege krisesituasjonar, f.eks. større ulukker med mange involverte som har opplevt stor psykisk påkjenning.

Kva støtte kan vi gje?

Våre oppgåver er å:

  • Gi og koordinere psykososial fyrstehjelp når sjokket og kjensla av kaos er så stor hos dei rørte at hjelp frå nettverket ikkje vil vere nok
  • Kartleggje omfang og kven som er ramma, vurdere behov og følgje opp støttesamtaler
  • Hjelpe til med praktiske oppgåver for å lette kjensle av kaos dei fyrste dagane, f.eks. få kontakt med andre hjelparar, arrangere minnestund i samarbeid med kyrkje, etc.
  • Rettleie og informere om aktuelle støttetiltak på sikt, for eksempel sorggruppe, sosiale tiltak, fysisk aktivitet, grupper for barn/ ungdom etc.

Sist oppdatert: 07.12.2021
Publisert: 02.08.2018