HjemHelse, sosial, omsorg, bustadPsykisk helse og rusomsorg

Psykisk helse og rusomsorg

Den psykiske helsa vår kan variere i periodar og gjennom livet, og det er heilt normalt at ein innimellom kjenner på tunge tankar eller kjensler.

Den psykiske helsa vår er like viktig som den fysiske helsa, og det er mange ting vi kan gjere sjølv for å ha ei god psykisk helse.

Kontaktinformasjon - leier for psykisk helse og rusomsorg

June Eide Viken

Anna kontaktinformasjon finn du i dei ulike menyane under.

Akutt psykisk hjelp/Sjølvmordsførebygging

For akutt hjelp:

  • Nødnummer: 113
  • Legevakt: 116 117
  • Hjelpetelefonar:
  • Mental helse: 116 123
  • Røde kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40

Teneste for psykisk helse og rus i Vaksdal kommune:

Opningstider er mandag-fredag frå klokka 08.00-15.30.

Hjelp til sjølvhjelp

Du kan finne mange nyttige ressursar på nettet,  som podcast og i bokform. Her er nokre døme som vi anbefaler.

Sjølvhjelpsprogram på internett:


Trykk her for å komme til Magnus Nordmo sitt sjølvhjelpsprogram på YouTube for angstlidingar, depresjon og søvnvanskar


Trykk her for å komme til "Følelseskompasset" for å få meir kunnskap om kjensler hos ein sjølv, hos partner og borna.

Podcaster om psykisk helse:

  • God Bedring, NRK P3
  • Hvordan har du det, mann? VG
  • Hos Peder, NRK Radio
  • Relasjonspodden, Podplay
  • Foreldrekoden, Aftenposten
  • Hverdagspsyken, The Human Aspect
  • Pia og psyken, Tid og Lyst & Podplay

Bøker:

  • «Snillegucci lev ditt beste liv» av Kristiane Aateigen. Passar godt for unge vaksne.
  • «Sjef i eget liv» av Ingvar Wilhelmsen. Om kognitiv terapi.
  • «Hemmelighetene bak et lykkelig parforhold» av John Gottman. Om å bevare eit godt parforhold.
  • «Lykketyvene» av Torkil Berge og Arne Repås. Om depresjon.
  • «Trange rom og åpne plasser» av Torkil Berge og Arne Repål. Om angst.
  • «Sinte barn og sinte voksne» av Anne Hilde Vassbø Hagen. Om sinne hos barn og foreldre.
  • «Klok på følelser» av Jan Reidar Stiegler, Aksel Inge Sinding og Leslie Greenberg. Om kjensler.
Seksualitet og seksuell helse

Seksualitet og seksuell helse kan påverke og er viktig for både den psykiske og fysiske helsa vår.

Seksualiteten er ein viktig del av oss og kan gje livsglede, vitalitet og trivsel.

Likevel er det normalt å ha spørsmål rundt sex og kropp, samtidig som det kan vere vanskeleg å finne gode kjelder ein kan nytte.

Mange vil også oppleve vanskar i forbindelse med sex eller at seksualiteten endrar seg gjennom livet. Nedanfor kan du finne nokre gode ressursar som gjer god informasjon om relevante tema rundt seksuell helse.

Ressursar på nett om seksualitet:

Korleis få hjelp hos det offentlige

Fastlegen

Fastlegen kan ha samtalar med deg om dine utfordringar og henvise vidare til kommunale tilbod eller spesialisthelsetenesta (DPS) ved behov.

Skulehelsetenesta/HFU/Sammen (for studenter)

Dersom du er elev i grunnskolen kan du få hjelp hos helsesjukepleiarane i skulehelsetenesta. 

Dersom du er elev i vidaregåande skule kan du enten ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen din, eller ta kontakt med helsesjukepleiar tilknytta Helsestasjonen for ungdom i Vaksdal. 

Trykk her for å komme til helsestasjonen for barn og unge i Vaksdal.

Om du er student kan du ta kontakt med Sammen, studentsamskipnaden på Vestlandet  Trykk her for å komme til Sammen – Studentsamskipnaden på Vestlandet.

Bedriftshelsetjenester

Dersom du opplever helseplagar i samanheng med yrket ditt, kan du undersøkje om arbeidsgjevar kan tilby hjelp gjennom bedriftshelsetenesta.

NAV

NAV kan tilby økonomisk rådgjeving, gjeldsrådgjeving og andre arbeids- og velfedstenester. NAV Gjeldsrådgjeving er økonomirådstelefonen i NAV.

  • Telefon 55 55 33 39, tastevalg 1. Ope kl  09.00-15.00.

Spesialisthelsetenesta (DPS)

Kan tilby behandling og utreding av psykiske lidingar. Du treng henvisning frå fastlegen eller frå psykolog for å bli vurdert hos DPS.

Frivillige aktørar
Andre aktører

Trykk her for å komme til Vaksdal frivilligsentral

Kva kan vi hjelpe deg med i Psykisk helse og rus i Vaksdal?

Psykisk helse og rus er ei teneste for deg som strever med utfordringar knytt til psykisk helse eller bruk av rusmidlar. Vi har eit variert gruppetilbod og kan også tilby individuelle meistringssamtalar med fokus på trivsel og meistring i kvardagen.

Vi er eit lågterskeltilbod og kostar ikkje noko.

Du kan søkje sjølv, eller be fastlegen vise deg til oss. Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du skal få det betre.

Dei vanlegaste psykiske problema er:

  • Angst
  • Depresjon
  • Rusmisbruk
  • Søvnvanskar

Dersom du lurer på noko, eller er i tvil om du skal søkje helsetenester frå avdelinga, så send oss gjerne ei melding på e-post og sei kva telefonnummer vi kan nå deg på. Du treng ikkje å skrive problemstillinga. Vi vil ta kontakt med deg, og saman skal vi finne ut kva som er best for deg akkurat no.

Gruppetilbod

Kvifor velje gruppetilbod?

Trening, musikk og sosialt samvær kan bringe fram gode endorfinar, smil, meistring og helsefremjande effektar.

Rusførebyggande gruppe

Dersom du over tid har slite med rusrelaterte utfordringar, og synest det er vanskeleg å kome deg i gong med aktivitetar åleine, kan dette vere noko for deg.

Kvar torsdag mellom kl. 12- 14 tek vi til dømes korte turar i nærområdet, drar på fisketur, pratar saman, eller tek oss ein køyretur. Oppmøte ved Glasshuset på Daletunet.

Ønskjer du å delta, ta kontakt med:


Psykososial gruppe (onsdagsgruppa)

Aktivitetsgruppe for deg som ønskjer å møte andre i ei uformell sosial setjing. Alle på gruppa tek med seg lunsj heime ifrå, så eter vi og pratar, speler bingo og går tur. I tillegg arrangeres jule- og sommaravslutning.

Tid og stad: Klokka 12-14 på onsdagar i Glasshuset på Daletunet.

Vil du ha meir informasjon, ta kontakt med:

Slik søkjer du onsdagsgruppa

Trykk her for å opne søknadsskjema (PDF)

Fyll ut søknadsskjema og send inn:

Vaksdal kommune
Avdeling for psykisk helse og rus
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Treningsgruppe

Vi har i samarbeid med kommunal fysioterapeut treningstilbod i Turbinen

  • Torsdag frå kl 14.00- 14.50. Treningsgruppa blir leia av fysioterapeuten, og byggjer på styrkjetrening og kondisjon.

Vil du vere med, ta kontakt med fysioterapeut Susanne

Turgruppe

Vi tilbyr gruppeturar til ulike stadar i nærområdet. Det blir arrangert tur onsdagar.

Meld deg på til Mie innan fredagen før turen du ønsker å delta på.

Ta med niste og kle deg etter været. Vi gleder oss til turar saman med deg!

Du finn informasjon om tilbodet vårt på Facebook.

Trykk her for å kommet til facebooksida vår.

Meir info om oppmøte og tidspunkt får du ved påmelding. Dersom du ikkje kjem deg til oppmøtestaden på eigahand kan du melde frå om dette ved påmelding.

Avspenningsgruppe - i periodar

Vi arrangerer i periodar avspenningsgruppe måndagar kl. 14.00-14.30 i Turbinen, 3 etg.

Fokuset er reduksjon av kroppsleg og mental spenning, og å kome inn i kviletilstand denne stunda.

Du vil få låne golvmatte, men det kan vere lurt å ta med ei lita pute og/eller varme sokkar/gensar.

Påmelding til Silje

Takt, trinn, tone og puls - i periodar

Dette er eit gruppetilbod med røyrsle til musikk og vil bli tilbudt periodevis. Det er lagt opp til oppvarming, låt for låt med enkel koreografi, nedtrapping og tøying. Siste kvarteret er det høve til å bli att for enkel fruktservering med litt småprat.
Gruppa blir arrangert tysdagar frå kl 14.00 – 14.45 i Turbinen, 3 etg.

Påmelding til Silje:

Mobil:  959 87 625

Individuelle meistringssamtalar

Ein meistringssamtale tek utgangspunkt i kva som er viktig for deg i ditt liv. Saman forsøker vi å finne ut korleis vi kan auke opplevinga av trivsel og meistring i din kvardag. Du vil få best utbytte av samtalane dersom du er motivert og ønskjer endring.

Korleis ta kontakt for å få meistringssamtale

Kontakt June Eide Viken

Mobil: 488 80 312

Eller trykk her for å fylle ut søknadskjema for meistringssamtale.

Søkje om støttekontakt

Slik søkjer du:

Trykk her for å opne søknadsskjema (PDF)

Fyll ut søknadsskjema for støttekontakt og send til:

Vaksdal kommune
Avdeling for psykisk helse og rus
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Kontaktinformasjon

Lurer du på noko knytt til arbeidet vårt, ta gjerne kontakt med:

June Eide Viken

Kvar finn du oss?

Vi holder til i 1. etasje i Heradshuset på Dale
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Opningstidar - måndag-fredag frå klokka 08.00-15.30

Vi er ein god del på farta og gjer merksam på at vi i periodar kan vere vanskelege å nå på telefon. Send oss då gjerne ei melding på e-post, og vi vil kontakte deg så snart vi kan.


Sist oppdatert: 03.10.2023
Publisert: 31.05.2018