HeimHelse, sosial, omsorg, bustadKlage på helse- og omsorgstenester

Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • ​Forholda ved tenesta du ikkje er nøgd med
  • Kritikkverdige forhold
  • At du ikkje har fått den tenesta du har søkt på
  • Saksbehandlinga

Klage på tenesta

Dersom du er misfornøgd med ei helseteneste du får, for eksempel på sjukeheim, bør du fyrst vende deg munnleg eller skriftleg til leiinga på sjukeheimen. Vêr tydeleg på kva du er misfornøgd med og kva du ønskjer endra.

Når dei som utfører tenesta får klaga din, må dei undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok.
Fører ikkje klaga fram, må du sjølv sende ei skriftleg klage til Fylkesmannen som gjer ei vurdering av saka.

Klage på vedtaket 

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klage. Dette blir kalla ei rettsklage. Ei rettsklage blir send til forvaltingskontoret i kommunen. Dei tilsette går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast. Blir ikkje vedtaket endra, sender dei automatisk klaga vidare til Fylkesmannen i Vestland som avgjer saka.

Slik klagar du på eit vedtak

  • Klagen må vera skriftleg.
  • Du må levera klagen innan fire veker etter at vedtaket er motteken.

Klagen sender du til:

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam 

Du skal få svar innan tre veker. Vert ikkje klagen tatt til følgje, vert klagen automatisk sendt til Fylkesmannen.

Hjelp til å klage

Trykk her for å lese meir om klage hos Fylkesmannen.

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt forvaltningskontoret. 

E-post: forvaltning@vaksdal.kommune.no

Koordinator Ann Marit M. Lie

Sakshandsamar Linda Flornes

Sakshandsamar Kristine Melheim

Besøksadresse:
Daletunet, Bråtet 1,
5722 Dalekvam


Sist oppdatert: 15.08.2019
Publisert: 31.05.2018