HeimKoronaAktuelt koronaHar du symptom på Covid-19, bestill time for testing

Har du symptom på Covid-19, bestill time for testing

Har du fått luftvegsinfeksjon eller andre symptomer som kan skuldast Covid-19, ber vi deg ringe og bestille time på koronatelefonen  453 77 777 .
Trykk her for å sjekke opningstid på koronatelefonen.  Kveld og helg – ring legevakten: 116 117.

Covid-19 har ofte følgjande symptom: feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomsfølelse.

Har du symptom, må du halde deg heime til du får negativt prøvesvar OG er symptomfri.

Barn under 10 år med lette symptom kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Barn med rennande nase som einaste symptom, men elles har god almentilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon treng ikkje haldast heime eller bli testa.


Sist oppdatert: 24.08.2020
Publisert: 07.08.2020