HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

Når kjem vaksinen?

Norge får tilgang på ulike vaksinetypar. Vi veit enno ikkje når vaksinene kjem til Vaksdal og når vi kan tilby vaksine til ulike grupper.

Vi planlegg korleis vi skal gjennomføre vaksinasjonen og vil oppdatere nettsida så snart vi har meir informasjon.

Kven får vaksinen først?

Dei som blir prioritert blir kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen eller fastlege for å setje seg på venteliste.

Vi vil ikkje ha nok vaksinar til alle i starten. Førebels har regjeringa bestemt av vaksinasjonen skal skje i denne rekkjefølgja – basert på råd frå Folkehelseinstituttet:

  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  • Eldre over 85 år
  • Eldre over 75 år - deretter dei over 65 år
  • Personar i alderen 18 til 64 som har ein eller fleire av nærare spesifiserte sjukdomar frå før.
  • Helsepersonell er førebels ikkje høgare prioritert enn gruppene over, men dette kan endre seg om smittepresset aukar og smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Kva kostar det?

Koronavaksinen er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet og blir heilt gratis.

Trykk her for å komme til spørsmål og svar om koronavaksinen på HelseNorge.no.

Trykk her for å lese meir om programmet for koronavaksinasjon hos Folkehelseinstituttet.


Sist oppdatert: 18.12.2020
Publisert: 18.12.2020