HeimKoronaOfte stilte spørsmål om smittevernreglar

Ofte stilte spørsmål om smittevernreglar

Det kan være vanskelig å orientere seg i lokale og sentrale påbud, forbod og råd. Dette gjeld særleg når det kan være ulike reglar lokalt enn i landet for øvrig, og når regler endrar seg i takt med endring i smitteutbredelse.

Her får du svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla om dei nye smittevernreglane.

Dei same reglane er innførte i Bergen, Askøy, Øygarden, Alver, Vaksdal Samnanger og Osterøy.

Har du spørsmål til kva som gjeld som du ikkje får svar på her kan du kontakte Vaksdal kommune på  info@vaksdal.kommune.no

Serveringsstader

Kor lenge kan serveringsstader halde ope?

Dei kan halde ope til kl. 2200. Det kan serverast alkohol til seinast  kl 2130. 

Kva med spisestader som har take-away-tilbod?  

Svar: Pålegget om stengning kl. 2200 gjelder ikkje for take-away. 

Kan serveringsstader bortvise gjester som ikkje overheld einmetersregelen og som ikkje kjem frå same husstand?

Ja, gjester som ikkje overheld ein-metersregelen, og som ikkje kjem frå same husstand, kan visast bort frå lokalet. Det er arrangør/innehaver av staden som har ansvar for at smittevernreglane følgjast i lokalet.

Er det krav om at serveringsstader og spisestader har oversikt over kven som er gjester?

Ja, alle arrangører må føre liste over kven som er til stades.

Kan skjenkestader, restauranter, kafear og kantiner pålegge at gjester legitimerer seg?

Ja, gjester som ikkje vil legitimere seg etter gjeldande krav, skal avvises.

Kan kven som helst få se liste på gjester for ein aktuell dag?

Nei, dette er underlagt personvernreglane, og restauranter, skjenkestader, kafear og kantiner skal kun forevise listen til smittevernkontoret på forespørsel. Listene skal ikkje være synlege for andre gjester.

Listane skal makulerast etter 10 dagar.

Bensinstasjoner og kiosker som selger mat, kan dei fortsatt gjøre dette?

Ja, reglane her vil være som for andre serveringsstader. .

Bensinstasjonene kan fortsatt selge mat som «Take-away» etter kl. 2200. På same måte som for butikker, skal dei kun slippe inn så mange kunder at det kan være minst to meter mellom kvar kunde. 

Arrangement

Kor mange kan vere til stades på eit arrangement no?

Innandørs er maksgrensa på 20 personar. Ved gravferd er grensa 50 personar. For utandørs arrangement er grensa 600 deltakarar, fordelte på tre grupper på maksimalt 200 i kvar og med fastmonterte sete.

Talet inkluderer ikkje tilsette eller oppdragstakarar som står for gjennomføringa av arrangementet.

Må ein ha fast plass på arrangement?

Innandørs arrangement må ha fast seteplassering.

Heime

Kor mange kan vi vere heime? Kor mange kan vi ha på besøk?

Det skal ikkje vere meir enn 5 personar samla i heimen. Dersom de er tre personar i husstanden din, kan de altså ha maks to personar på besøk. Dersom de er fem eller fleire i husstanden, kan de ikkje ha nokon andre på besøk.

Unntak:

  • Dersom det bur fleire enn fem i eitt hus (det er framleis tillate å bu i sin eigen heim:)
  • Barn frå same kohort/gruppe i barnehage og barneskule kan besøke kvarandre. Unntaket gjeld ikkje for elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule, då gjeld regelen om maks 5
  • Barn som bur fleire stader. Dette gjeld òg besøksheimar, avlastingsbustad eller liknande

Poenget med desse reglane er at dersom kvar og ein av oss omgås færre personar, gjer vi det vanskelegare for viruset å spreie seg.

Regelen om maks 5 gjeld uavhengig av om personane oppheld seg i andre etasjar eller rom. Alle personar tel med, uansett om dei er 0 eller 100 år.

Kan barnet mitt ha besøk av klassevennene sine sjølv om det då blir fleire enn 5 personar heime?

Barn frå same kohort/gruppe i barnehage eller barneskule er unntatt frå kravet om maks 5 personar.

Dette unntaket gjeld ikkje for ungdomsskuleelevar eller elevar i vidaregåande skule, her gjeld kravet om maks 5 personar.

Kva om ein bur fleire stader, til dømes har delt bustad mellom fleire foreldre?

Alle kan vere heime, sjølv om ein kan ha fleire bustader. Dette gjeld òg for besøksheimar, avlastningsbustad og liknande.

Spørsmål: Vil støttekontakter og avlastere fortsatt kunne utføre oppdrag selv om det utfordrer antallet på maksimalt 5 personer.

Svar: Desse oppdragene kan gjennomførast. Det blir oppfordra til å unngå meir enn 5 personer samla, men oppdraget må sjåast på som ein del av mottakeraren sitt forhold i heimen. Då kan ein komme innanfor unntaket om at familier som bur i same husstand eg er fleire enn 5 personar fortsett kan være samla.

På butikken

Er det påbode med munnbind i butikkane?

Det er påbode å bruke munnbind i butikken dersom det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand.

Kan butikkane sleppe inn så mange kundar som dei ønskjer?

Nei, no er det ei grense som seier at butikken kan sleppe inn så mange kundar at det kan vere minst to meter mellom kvar kunde. Butikken må rekne ut kor mange dette er, basert på kor stort butikklokalet er. Dersom butikken ikkje klarer å kontrollere talet på personar som slepp inn, må dei sjølve syte for vakthald.

Korleis skal butikkar og kjøpesenter rekne ut kor mange som kan vere i senteret og butikken samstundes?

Det er dessverre ikkje mogleg å gi eit generelt svar på dette, sidan kvar enkelt butikk er ulikt utforma og med ulikt tal på og plassering av hyller. Butikkane må sjølve vurdere lokala sine og kor mykje golvplass dei har. Det viktigaste er at kvar kunde til ei kvar tid skal ha moglegheit for å halde 2 meters avstand til andre kundar. Butikkar som har tronge passasjer mellom hyllene kan til dømes innføre "einvegskøyring". Tilstrekkeleg kapasitet ved kassene vil òg vere viktig for å hindre opphoping av kundar.

Er det grenser for kor mange i ein familie som kan handle samstundes?

Nei, det er ikkje sett grenser for dette. Men for å hjelpe butikkane med å overhalde smittevernreglane, oppfordrar vi til å vurdere kor mange som eigentleg treng å vere med på butikken.

Kollektivtransport

Er det krav om munnbind på kollektivtransport?

Det er påbode å bruke munnbind på kollektivtransport, dersom det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand.

Er det krav om munnbind i taxi?

Ja, både sjåfør og passasjerar i taxi skal bruke munnbind i bilen. Når taxisjåføren ikkje har passasjer i bilen, er det ikkje krav om munnbind.

Gjeld dei same reglane for kollektivtransport til og frå nabokommunane?

Ja, alle kommunane rundt Bergen har vedatt dei same reglane. Dei gjeld difor både internt i kommunen og mellom kommunane rundt Bergen.

På skulen og i barnehage

Er barnehagane, barneskulane og ungdomsskulane stengde?

Nei, barnehagane, barneskulane og ungdomsskulane er opne. De følgjer gult nivå i samsvar med smittevernreglane. Gult nivå inneber mellom anna at ingen sjuke skal møte, forsterka reinhald, god hand- og hostehygiene, unngå handhelsing og klemming, inndeling i kohortar (grupper) og andre kontaktreduserande tiltak.

Kva betyr det at vidaregåande skular er på raudt nivå?

I vidaregåande skular blir elevane blanda i ulike fag, og det er difor ikkje mogleg å innføre kohortar på same måte som i barnehagar, barneskular og ungdomsskular.

Raudt nivå i vidaregåande skule inneber mellom anna at ingen sjuke skal møte på skulen, god hand- og hostehygiene, forsterka reinhald og kontaktreduserande tiltak.

Les meir om krav og definisjonar i Utdanningsdirektoratet sin rettleiar.

Kvifor er ikkje ungdomsskulane på raudt nivå slik smittesituasjonen er no?

Lokale smittevernmyndigheiter og FHI anbefaler ikkje raudt nivå per no. For elevane vil det vere både fagleg og sosialt meir utfordrande med raudt nivå. Vaksdal kommune har difor valt å vidareføre gult nivå inntil vidare, men vurderer fortløpande om det skal endrast.

På heimekontor

Kan arbeidsgivaren min pålegge meg karantene ved mistanke om smittefare?

Nei, arbeidsgvar kan ikkje pålegge karantene, det må helsemyndigheitene gjere. Men arbeidsgivar kan innanfor styringsretten bestemme at du ikkje møter på jobb, slik at ein kan unngå eventuell smitte.

Kva betyr obligatorisk heimekontor?

Bruk av heimekontor er påbode der dette er mogleg. Arbeidsgivaren din er ansvarleg for å vurdere om det er mogleg å utføre arbeidet på heimekontor. Unntak gjeld for samfunnskritiske tenester, tenester innan psykisk helse og for tenester til sårbare grupper av barn og unge.

Kan arbeidsgivaren min pålegge meg å jobbe frå heime?

Ja, arbeidsgivaren kan pålegge deg å jobbe frå heime. Dersom du ikkje kan jobbe frå heime, men samstundes blir pålagt heimekontor, får arbeidsgivar lønnsplikt i denne perioden.

Straff ved brudd på forbud eller påbud

Kan eg bli straffa om eg bryt påbud eller forbud i forskrifta?

Ja, politiet har mynde til å gripe inn mot brot på forskrifta. 

Praktiske spørsmål om forskrifta

Kor lenge gjeld forskrifta?

Forskrifta gjeld til og med 23. november. 

Kven er det som avgjer kva som skal stå i forskrifta?

Etter «lov om vern mot smittsomme sykdommer» er det kommunen som har hjemmel, ansvar og plikt til å innføre lokale tiltak. I Vaksdal kommune er det kommuneoverlegen som har denne fullmakta frå Kommunestyret, og vedtar forskrifta.


Sist oppdatert: 12.11.2020
Publisert: 07.11.2020