HeimKoronaOmsorgstilbod til barnehagebarn

Omsorgstilbod til barnehagebarn

Rett til plass i omsorgstilbod

Foreldre som kvalifiserer for eit omsorgstilbod på grunn av arbeidet sitt med samfunnskritiske funksjonar må ta kontakt med styrar i barnehagen for å melde behovet sitt. Retten gjeld foreldre der begge har eit arbeid som har ein samfunnskritisk funksjon eller der ein eineforsørgjar har eit slikt arbeid.

Om omsorgstilbodet

Omsorgstilbodet skal gå føre seg innanfor barnehagen si ordinære opningstid.

Korleis melde omsorgsbehov

Har de behov for omsorgstilbod? Ta kontakt med oss kring kva dagar de har behov, og om det er særskilte tidspunkt på dagen, innanfor ordinær opningstid, de har behov. Ta kontakt så snart de sjølv har oversikt over omsorgsbehovet.

Trykk her for å finne kontaktinformasjon til barnehagene.


Sist oppdatert: 16.09.2020
Publisert: 16.09.2020