HeimKoronaReglar for karantene og isolasjon

Reglar for karantene og isolasjon

Karantene

Når må du i karantene?

Desse må i karantene i 10 døgn, uansett om dei er sjuke eller ikkje:

Alle som har hatt kontakt med ein som er bekrefta smitta med covid19 mindre enn 48 timar før den smitta fekk dei første symptoma, og kontakten har vore:

  • under to meters avstand i meir enn 15 minutter ELLER
  • direkte fysisk kontakt ELLER
  • direkte kontakt med sekret

Sjølv om du testar negativt medan du er i karantene, må du fullføre karantenen på ti døgn.

Alle som er rekna for å vere nærkontaktar skal i karantene i ti døgn. Dette gjeld frå den dagen kontakta med den smitta skjedde.

Dersom ein person i husstanden din får påvist smitte medan du er i karantene, startar karantenetida på ti dagar på nytt.

Du slepp å gå i karantene på nytt dersom du har fått påvist covid-19 i løpet av dei siste seks månadene.

Du kan og bli sett i midlertidig karantene når smittesporingsarbeid pågår.

Desse reglane gjeld dersom du er i karantene:

  • Du skal ikkje gå på jobb eller skule.
  • Du skal ikkje ta offentleg transport.
  • Ikkje oppsøk plassar der det er vanskeleg å halde ein meter avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk offentlege plassar, som til dømes butikkar, med mindre det er absolutt naudsynt. Sørg for å halde avstand og unngå kø.
  • Barn som er i karantene kan ikkje ha leikekameratar utanfor heimen.

Du blir rekna for å vere nærkontakt dersom:

  • Du har hatt kontakt med ein smitta person i over 15 minuttar.
  • Avstanden til den smitta har vore mindre enn to meter.
  • Kontakten med den smitta har skjedd to døgn eller kortare før den smitta fekk symptom (ev. fra to døgn før prøvetaking, om personen var symtomfri), eller på eit tidspunkt etter at vedkomande har fått påvist smitte og fram til personen er avisolert.
  • Du kan også bli rekna for å vere nærkontakt dersom du har hatt direkte fysisk kontakt med ein person med påvist smitte, sjølv om det var kortare enn 15 minuttar. Dette er opp til ansvarleg for smitteoppsporing å vurdere.

Når skal du teste deg?

Styresmaktene oppmodar alle som mistenkjer at dei kan vere smitta om å teste seg, særskilt om du har symptom på covid-19. Ingen har plikt til å teste seg.

Det er viktig at du ikkje testar seg for tidleg, utan symptom. Dette kan føre til at du trur du ikkje er smitta, sjølv om du faktisk er det.

Isolasjon

Kven skal i isolasjon?

Personar som har fått påvist koronasmitte skal i isolasjon, anten heime eller ein annan plass.

Kor lenge skal du vere i isolasjon?

Personar som har fått påvist covid-19 skal i isolasjon, anten heime, eller ein annan plass.

Dersom du har fått påvist smitte utan å ha symptom, er det ti døgn isolasjonstid frå testtidspunkt.

Desse reglane gjeld dersom du er i isolasjon:

  • Du må halde deg heime heile tida og kan ikkje gå ut. Unntaket er din eigen hage, balkong eller terrasse.
  • Du skal helst halde éin meter avstand til andre du bur med.
  • Du skal helst ha eit eige rom og bad dersom det er mogeleg.
  • Du må vere nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre du bur med.
  • Reinhald i heimen er viktig, særskilt plassar ein ofte tar på.

Du kan avslutte isolasjonen når:

  • Det har gått 10 dagar etter symptoma startar OG du er feberfri i minst 24 timar utan bruka av febernedsettande midlar.

Sist oppdatert: 18.11.2020
Publisert: 18.11.2020