Kan du søkje?
Sjå retningslinjer for tildelinga og vurder om du skal gjere eit tiltak i heimen din.
Har du spørsmål, ta kontakt med Maren Finsrud Johannesen.
- E-post: maren.finsrud.johannesen@vaksdal.kommune.no
- Telefon: 453 76 147
Midlane gjeld tiltak som vert iverksett frå 1.januar til 31. desember 2023.
Sjå retningslinjer for tildelinga og vurder om du skal gjere eit tiltak i heimen din.
Tilskot til tiltak gjeld frå 01.01.23 til 31.12.23.
Tiltaket og betaling må vere gjennomført i dette tidsrommet. Tiltak som er iverksett utanom dette tidsintervallet fell utanfor ordninga.
Du kan få støtte til energieffektiviserande tiltak i bustad som Enova skisserer på sine nettsider. Sjå opplistinga av aktuelle tiltak under menypunktet om bustad.
Trykk her for å komme til enova.no.
Stønaden gjeld nye tiltak. Dersom du allereie har iversatt tiltak kan du ikkje søke om fornying eller utviding av eksisterande anlegg.
Støttebeløpet kan ikkje overstige kr 20 000,-.
Du kan kun søke om ein støtte pr bustad. Søknaden kan innehalde fleire uavhengige tiltak. Utgifter til arbeid/handtverkar må dokumenterast frå godkjent leverandør. Eigeninnsats/ arbeid vert ikkje dekka.
Total ramme for Vaksdal kommune for denne støtta er kr 3 000 000,- . Når dette beløpet er brukt opp fell ordninga vekk.
Ved å gje opp feile opplysningar kan støttebeløpet bli krevja tilbake. Det kan bli kontroll på om tiltaket blir gjennomført i tråd med søknad.