Bygdeutvikling

Tilskot til bygdeutvikling

No kan lag, organisasjonar, verksemder eller einskildpersonar i kommunen søkje om tilskot til prosjekt eller aktivitetar til almennyttige føremål. Målet med tilskotsordninga er å skape trivsel og stimulere til aktivitet som er ope og tilgjengeleg for alle.

Kva kan det søkjast midlar til?

  • Stønad til konkrete prosjekt/tiltak/aktivitet og ikkje til generell drift.
  • Varige, permanente prosjekt og til hjelp i tunge fasar.
  • Materiell, utstyr, opprusting til ulike prosjekt, stader.
  • Stønad til kurs og kompetanseutvikling.
  • Midlane kan løyvast i tillegg til andre søknadsordningar, som til dømes tildeling av spelemidlar m.m.

Kva må søknaden innehalde?

  • Kva tiltaket gjeld
  • Kven som har ansvar for tiltaket
  • Krav om (enkelt) budsjett og anna dokumentasjon.
  • Dokumentasjon på eigeninnsats.
  • Plan for evt. vedlikehaldskostnader må søkjar legge ved.
  • Søknad skal sendast til post@vaksdal.kommune.no
  • Søknad må merkast – Søknad bygdeutviklingsutvalet

 

Klikk her for å lese retningslinjene for tilskotsordninga.

Søknadsfristar:

Utval for bygdeutvikling er ansvarleg for løyvingane. For søknadssum over 15 000 vert søknadane behandla samla to gongar i året, mars og september.

For handsaming september 2020 - søknaden må vere kommunen i hende seinast 15. august.

For søknadssum under 15 000 vert søknadene behandla av utvalet ved kvart møte. Søknaden må vere kommunen i hende seinast 3 veker før møtedato.

 

Merk:  Informasjon om andre søknadsordningar ligg under dei ulike fagfelta på nettsida, t.d. kulturmidlar finn du under kategorien Natur, kultur og fritid.

Klikk her for å finne oversikt over tilskotsordningar for kulturmidlar.


Sist oppdatert: 06.08.2020
Publisert: 07.07.2020