Retningslinjer for tilskot til bygdeutvikling
Løyvingar i bygdeutviklingsutvalet
- Løyving av tilskot til søknader med søknadssum under 15 000 kr kan skje i kvart møte.
- Løyving av tilskot til søknader over 15 000 kr skjer to gongar i året, mars og sept.
- Minimum søknadssum for løyving er kr 5 000.
Kva kan det søkjast om midlar til?
Midlane skal tildelast allmennyttige føremål, stimulera til aktivitet i bygdene, levande bygdeliv. Midlane skal koma mange til gode, skape trivsel, aktivitet og vere ope og tilgjengeleg for alle.
- Stønad til konkrete prosjekt/tiltak/aktivitet og ikkje til generell drift.
- Varige, permanente prosjekt og til hjelp i tunge fasar.
- Materiell, utstyr, opprusting til ulike prosjekt, stader.
- Stønad til kurs og kompetanseutvikling.
- Midlane kan løyvast i tillegg til andre søknadsordningar, som til dømes tildeling av spelemidlar m.m.
Løyvinga vert gjeve som ein eingongssum. Kommunen pliktar ikkje å støtte tiltaket med vidare vedlikehaldskostnader.
Kven kan søkje midlar?
- Frivillige lag og organisasjonar
- Private
- Verksemder
BU ønskjer å opne opp for at både private og bedrifter kan søkja, dersom søknaden innfrir i kriteria om kva det kan søkjast midlar til. Kven som får søke vil bli revidert av bygdeutviklingsutvalet i januar 2021.
Kriteriar for tildeling
- Geografisk spreiing ved fordeling av midlar når det er mogleg.
- Prioritere bygder som ikkje har fått tildeling tidlegare.
- Søknadene vert vekta ut frå kriteria for løyvingar.
Utvalet vil ta omsyn til geografi og målgruppe ved tildeling av tilskot ved løyvingar som vert gjort to gongar i året.
Krav til alle søknader
Søknad og dokumentasjon
- Søknad skal sendast til post@vaksdal.kommune.no
- Søknad må merkast – Søknad bygdeutviklingsutvalet
- Krav om (enkelt) budsjett og anna dokumentasjon.
- Plan for evt. vedlikehaldskostnader må søkjar legge ved.
- Dokumentasjon på eigeninnsats.
- Kva tiltaket gjeld
- Kven som har ansvar for tiltaket
Krav til sakshandsaming/utgreiing
Krav til ordinær sakshandsaming etter kommunelova. Søknadane vert handsama i tråd med retningslinene - utvalet får så saka til avgjerd.
Utbetaling
Lag/organisasjonar (med org.nr), med plan for gjennomføring og budsjett kan det (del)utbetalast i forkant.
Privatpersonar - på bakgrunn av dokumentasjon og kvitteringar i etterkant av tiltaket/aktiviteten.
For alle som får tildelt midlar, må dokumentasjon på tiltaket sendast inn innan tre veker etter at det er fullført.