Fondsordningar

Mysterfondet - frist 1.12.2020

Føremål:

  • «Opphjelp av vilt og fisk» i Vaksdal kommune.

Finansieringskjelde:

  • Årleg tilskott frå BKK etter utbygging av Myster kraftverk. 

Bruk:

  • Lokale tiltak som fremjar fondsføremålet: 75 % fisk og 25 % vilt.

Kven kan søkje:

  • Alle (enkeltpersonar og organisasjonar).

Søknad/søknadsfrist:

  • Skiftleg søknad med kostnadsoverslag/budsjett innan 1 desember

Formelt grunnlag:

  • Vedtekter av 04.10.99.

Minste fondskapital:

  • Kr. 150 000,- (grunnkapital)

Forvaltning:

  • Fondsstyret; representasjon frå landbruket/grunneigarar og kommune.
«Norvikfondet»/dyrkingsfondet - ingen frist

Føremål:

  • Gje tilskot til nydyrking av utmark som kan  leggjast under kultur i Vaksdal.

Finansieringskjelde:

  • Legat. Eingongsinnskot.Ingen årlege tilskott.

Bruk: 

  • Nydyrking. 

Kven kan søkje:

  • Gardbrukarar/grunneigarar.

Søknad/søknadsfrist:

  • Skiftleg søknad på eige søknadsskjema. Ingen søknadsfrist.

Formelt grunnlag:

  • Gjevarane sitt testament av 06.06.80. Vedtekter av 29.10.2017.

Minste fondskapital:

  • Kr. 900 000,- (grunnkapital)

Forvaltning:

  • Fondsstyret innstiller, formannskapet tildeler.
Kommunalt viltfond - ingen frist

Føremål:

  • Fremje viltforvalting, styrkje  kunnskap om viltet og jaktorganisering m.v.

Finansieringskjelde:

  • Fellingsavgifter, hjort.

Bruk: 

  • Lokale tiltak som fremjar fondsføremålet, alle typar viltartar.

Kven kan søkje:

  • Alle (enkeltpersonar og organisasjonar).

Søknad/søknadsfrist:

  • Skiftleg søknad med kostnadsoverslag/budsjett. Ingen søknadsfrist.

Formelt grunnlag:

  • Vedtekter av 20.22.01. Statleg forskrift.

Minste fondskapital:

  • Kr. 100 000,- (grunnkapital)

Forvaltning:

  • Rådmannen etter delegasjonsreglement.
BKK sitt interkommunale viltfond - ingen frist

Føremål:

  • Viltstellstiltak/opphjelp av jakt.

Finansieringskjelde:

  • Årleg tilskot frå BKK etter Eksingedalsreguleringa.

Bruk: 

  • Etter utarbeidd plan for bruken av tilskotsmidlane.Eventuelle kommunale handlingsplanar for viltforvaltning /eigne viltforvaltningsplanar skal liggja som grunnlag. Handlingsplanen skal vere godkjent i kommunestyra i Voss, Vik, Vaksdal og Modalen.

Kven kan søkje:

  • Alle

Søknad/søknadsfrist:

Skiftleg søknad med kostnadsoverslag/budsjett. Ingen søknadsfrist.

Formelt grunnlag

  • Vedtekter av 18.06.2001.

Minste fondskapital:

  • Kr 200.000,- (grunnkapital).

Forvaltning:

  • Fondsstyre, samansett av representantar frå Voss, Vik, Vaksdal og Modalen kommunar.
Innsending av søknad

Skriftlege søknadar sendast til Vaksdal kommune:

Hugs å skrive kva fond de søkjer om tilskot frå.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, ta kontakt med
Tore Henrik Øye (landbruksrådgjevar)

Landbruksfondet i Vaksdal kommune - ingen midlar i 2020

(NB: Ikkje tilgjengelege midlar i 2020)

Føremål: Fremje landbruket i Vaksdal kommune.

Bruk: 

  • Nyinvestering i driftsbygingar
  • Kjøp av mjølkekvotar, innkjøp av maskinar (kun fellestiltak)
  • Tilleggnæringar om lokal foredling av varer med basis i landbruket

Kven kan søkje:

  • Næringsdrivande, lag og organisasjonar i landbruket

Søknad/ søknadsfrist:

  • Skiftleg søknad med kostnadsoverslag/budsjett innan 1 desember

Formelt grunnlag:

  • Vedtekter av 13.11.1

Minste fondskapital:

  • 1, 8 millionar (grunnkapital)

Forvaltning:

  • Fondsstyret innstiller, kommunestyret fattar vedtak

Sist oppdatert: 04.11.2020
Publisert: 04.11.2020