Skogbruk

Vedhogst på kommunal grunn

Dersom du er nabo til tre du synes er til skade eller ulempe for deg, kan du søkje om å få fjerne eller skjere ned trea. Søknaden vert vurdert ut i frå naboloven. 
Trykk her for komme til naboloven hos Lovdata.

Ulovlig felling av tre kan bli meldt til politiet, og  vi kan krevje gjenplanting eller erstatning.

Skogfond

Når du sel tømmer, har du som skogeigar plikt til å setje av midlar til eit skogfond.

Du vel sjølv prosentsatsen (4–40 prosent) alt etter investeringsbehovet du har på eigedommen. Når du tar ut pengar frå skogfondet til godkjende tiltak, blir 15 prosent inntektsførte, mens 85 prosent er skattefrie. Difor er det viktig å setje av nok pengar på fondet slik at du kan nyttiggjere denne økonomisk gunstige ordninga.

Du kan bruke skogfondmidlane til:

  • all form for skogkultur
  • underskott ved tynningsdrift
  • etablering av felt for juletre- og pyntegrøntproduksjon
  • nybygging og ombygging av skogsbilvegar og traktorvegar
  • vedlikehald av skogsbilvegar
  • skogbruksplan
  • skogforsikring
  • grensearbeid i utmark
  • kurs og kursmateriell (aktivt skogbruk osv.)
  • miljøtiltak
  • bioenergitiltak
Slik søkjer du om utbetaling

Du sender eit refusjonskrav om utbetaling av skogfondsmidlar (inkludert utbetaling for eige arbeid) til kommunen. Bruk søknadsskjema frå Landbruksdirektoratet. 
Trykk her for å opne skjema.

Saman med søknaden må du leggje ved kvitteringar og fakturaer for utgifter som du ønskjer å få dekt. 

Send søknadsskjema til  

Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

eller på e-post til 

post@vaksdal.kommune.no 

Krav til deg

For at skogfondmidlar skal kunne utbetalast, må du ha gjort investeringar i eigen skog. Investeringane og tiltaka må vere fagleg, økonomisk og økologisk forsvarlege og ikkje i strid med regelverket.

Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din så snart som mogleg, og prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren i Vestland, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Forskrift om skogfond og anna

Lov om skogbruk (skogbrukslova)

Kontakt landbruksrådgjevar

Har du spørsmål, ta kontakt med 

Tore Henrik Øye

Rådgjevar landbruk

 


Sist oppdatert: 14.06.2023
Publisert: 02.07.2018