Datahjelpa i Vaksdal
Føler du at du ikkje heilt greier å hengje med i den digitale utviklinga?
Du er ikkje åleine. Det er mange som kjenner på det same.
Vi er klare til å hjelpe deg som treng hjelp til å meistre digitale tenester og verktøy.
Datakafé våren 2022 - på biblioteket på Dale
- Fredag 25.mars kl 12.30
- Fredag 29.april kl 12.30
- Fredag 20. mai kl 12.30
Her får du individuell rettleiing av elevar frå ungdomsskulen.
Vi avsluttar med prat, kaffe og god bakst laga av elevar.
Lurar du på noko? Ring innbyggjarservice, telefon: 56 59 44 00
Helse, skule, innbyggjarservice, biblioteket og Frivilligsentralen jobbar i lag for å gi deg eit best mogeleg tilbod.
Meld deg på kurs, bestill rettleiing, kom på foredrag og datakafé😊.
Hugs å ta med deg smart-telefonen, nettbrettet eller din bærbare PC når du kjem på kurs og datakafé.
Alle aktivitetane er på biblioteket på Dale, og det er ingen betaling.
På kursa vil du møte elevar frå ungdomsskulen i lag med tilsette i kommunen.
Elevane vil óg sørgje for at vi får noko godt til kaffen på datakaféen.
Arrangement vi gjennomførte hausten 2021
Kurs og datakafé:
- 28.oktober - Grunnkurs netbrett/ smart-telefon (og kva er ein app)
- 19. november - Sosiale medier - videosamtalar
- 2. desember - Underhaldning på nett - korleis finne fram (finne filmer, aviser, musikk og liknande)
- 16.desember - Word og foto (avlyst pga smittesituasjonen).
Foredrag på biblioteket:
Persontryggleik på nettet - ved Gøran Espeland. Her finn du film og presentasjon frå foredraget:
Trykk her for å opne presentasjonen frå foredraget om persontryggleik på nett (PDF).
Trykk her for å komme til Youtube og sjå foredraget filma.
Helsenorge og minhelse her finn du film av foredraget:
Trykk her for å komme til Youtube og sjå foredraget om Helsenorge og minhele filma.
(Filmen er 52 minutt)
Kristin Whitehouse og Britt E. Bjørndal frå HELSE VEST IKT
Kristin Whitehouse Britt Engedal Bjørndal
BankID og nettbank, Eirik Erdal frå Sparebanken vest
Her finn du film av foredraget:
Trykk her for å komme til Youtube og sjå foredraget om nettbank og bankID filma
(Filmen er på 27 minutter)