Flaggreglement

1 Lov og reglement

Flaggreglement for Vaksdal kommune bygger på Lov om flagging på kommunale bygningar, samt Forskrift om bruk av flagg.

 

2. Mål

Reglementet gjeld for flagging på stenger i tilknyting til bygg, skular og institusjonar som vert drivne av Vaksdal kommune.

3 Reglement

1. Det skal flaggast på institusjonar ved:

a. Offisielle flaggdagar
b. Kommunestyre- og fylkestingsval
c. Gravferd for bebuar
d. Runde dagar for bebuarane og kvart år etter fylte 90 år

 

2. Det skal flaggast på skular ved:
a. Offisielle flaggdagar
b. Kommunestyre- og fylkestingsval
c. Første skuledag
d. Avslutningsmarkering for 10. trinn (Gjeld berre Eksingedalen skule og Dale skule)
e. Pridedagen

 

3. Det skal flaggast på Heradshuset, Dale ved:
a. Offisielle flaggdagar
b. Kommunestyre- og fylkestingsval
c. Pridedagen
Unntak frå flagging ved Heradshuset er ved gjennomføring av gravferd i Dale kyrkje same dag.

4. Kvinnedagen 8. mars vert å sjå på som ein offisiell flaggdag i Vaksdal kommune

5. Vaksdal kommune flaggar med Sameflagget på samefolkets dag.

6. Vaksdal kommune flaggar med regnbogeflagget på Pridedagen. Dato for flagging skal vera andre måndag i juni kvart år.

7. Det kan flaggast på skulane eller sjukeheimane når rektor eller avdelingsleiar finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.

8. Det kan flaggast ved Heradshuset, Dale ved større arrangement i kommunen, og elles når kommunedirektøren/ordførar, eller den som har delegert mynde, finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.

9. Vaksdal kommune flaggar etter oppmoding frå statlege styremakter ved fest eller sorg i landet, i samband med besøk frå Kongehuset og ved større arrangement i kommunen.

10. I månadane mars – oktober skal flagg heisast etter klokka 08.00, i månadene november – februar etter klokka 09.00. Flagg skal firast ved solnedgang, likevel ikkje seinare enn klokka 21.00.


4 Implementering og revidering

Reglementet er politisk vedteke, og kommunestyret kan be om revidering.
Reglementet vart første gong vedteke av kommunestyret: sak 17/2021, 23.03.21.


Sist oppdatert: 17.02.2022
Publisert: 17.02.2022