Frivillig

Påmelding til sommarleir/ villmarksleir 2022

Vaksdal kommune ønskjer elevar frå 5. til 7. klasse velkommen til ei kjekk og lærerik veke.

Trond Olav Magnussen blir leiar, og han er godt i gong med planlegging av årets villmarksleir på Småbrekke.

Tidspunkt:

  • Tirsdag 21. juni til torsdag 23. juni,. 

Vi organiserer samkøyring fra Dale den 21. juni kl 10.00.

Leiren vil ha mykje av det same kjekke innhaldet som tidlegare leirar.
Dagane vil bli fylt med blant anna kanopadling, fisking, turar, bading, bålkos, ballspel og andre kjekke aktivitetar. 

Bindande påmelding innan 10. juni. 

Ingen eigenandel.

Trykk her for å komme til påmeldingsskjema.

BUA - utlånssentral av utstyr til sport, fritid og friluftsliv

BUA er ein utlånssentral av utstyr til sport, fritid og friluftsliv kor alle barn og unge i Vaksdal kommune kan låne utstyr gratis til sport, fritid, friluft og spelekveldar.

Alle barn og unge er velkomne til BUA!

Stad:

  • Turbinen på Dale

Tid:

  • Torsdag kl. 16.30-19.30

  • Lørdag kl. 10.00 - 14.00

OBS!  I sommerferien blir det eigne tider, følg med på BUA Vaksdal. 

Trykk her for å komme til BUA Vaksdal

Tilbodet er gratis!

 Lurer du på noko, ta kontakt med:

 Vaksdal frivilligsentral

Vil du bruke litt av di tid saman med andre? 
Vil du treffe nye menneske?

Ynskjer du å melde deg som frivillig kan du ta kontakt med leiar for kultur og inkludering, Trond Olav Magnussen.

Telefon: 408 01 911

E-post: trond.olav.magnussen@vaksdal.kommune.no

Friskus

Digital møteplass for aktivitet og frivilligheit. 

Enkelt å delta. Enkelt å organisere. Meir tid til menneske. 

Gjennom Friskus kan du sjå og delta på arrangement og frivillige oppdrag, organisere eigne arrangement via din organisasjon eller berre halde deg oppdatert på kva som skjer i nærområdet.

Med din eigen Friskus-profil har du enkel oversikt over aktivitetane i kommunen og alt du vil delta på. 

Les meir om Friskus og sjå oversikt over arrangement her. 

Kontaktperson i kommunen

Anita Sævild


Sist oppdatert: 03.06.2022
Publisert: 01.06.2018