Kulturhistoriske plassar

Straume Landskapsmuseum 

På Straume i Vaksdal kommune finn du døme på, eller restar etter, fleire "landemerke" som er med på å særprega landskapet. Som ein vil forstå når ein kjem til staden, har Straume namnet sitt frå den til tider strie straumen som passerer landskapet akkurat her. 

Her har Vaksdal kommune bygd opp eit fint landskapsmuseum. Du kan sjå den spesielle Dragebryggja, som vart brukt for å dra båtane gjennom den sterke straumen, nausta som er bygd i stavkonstruksjon og ei restaurert laksegilje som syner unike fangstmetodar. Her finn du også eit velutstyrt skulemuseum som vart opna i 1989. Kallestadstova med deler av Dyviksamlinga er ei privat samling som omfattar alt frå våpen til bunadssølv og tekstilar.

Museet kan nåast både frå vegen og frå sjøen.

Les meir om Straume i utdraget frå Kulturhistorisk vegbok her eller på heimesida til Skipshelleren her.

Skipshelleren

Skipshelleren er kanskje den mest kjende attraksjonen ved Straume landskapsmuseum. Her har ein funne spor etter menneske som har budd under helleren sidan isen frå siste istid trekte seg attende. Dei eldste funna er frå eldre steinalder, nærare bestemt tida omkring 5200 f.Kr.

Sjå heimesida til Skipshelleren for meir informasjon om historia til plassen, tilkomst, undervisning og mykje meir. 

Skuletur til Skipshelleren?

Ta kontakt med Evy Beate Kvamme.

Mobil: 936 45 297

E-post: evy.beate.kvamme@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 19.10.2018
Publisert: 26.07.2018