Kulturmiljø og kulturminnevern

Straume Landskapsmuseum 

På Straume i Vaksdal kommune finn du døme på, eller restar etter, fleire "landemerke" som er med på å særprega landskapet. Som ein vil forstå når ein kjem til staden, har Straume namnet sitt frå den til tider strie straumen som passerer landskapet akkurat her. 

Her har Vaksdal kommune bygd opp eit fint landskapsmuseum. Du kan sjå den spesielle Dragebryggja, som vart brukt for å dra båtane gjennom den sterke straumen, nausta som er bygd i stavkonstruksjon og ei restaurert laksegilje som syner unike fangstmetodar. Her finn du også eit velutstyrt skulemuseum som vart opna i 1989. Kallestadstova med deler av Dyviksamlinga er ei privat samling som omfattar alt frå våpen til bunadssølv og tekstilar.

Museet kan nåast både frå vegen og frå sjøen.

Les meir om Straume i utdraget frå Kulturhistorisk vegbok her eller på heimesida til Skipshelleren her.

Skipshelleren

Skipshelleren er kanskje den mest kjende attraksjonen ved Straume landskapsmuseum. Her har ein funne spor etter menneske som har budd under helleren sidan isen frå siste istid trekte seg attende. Dei eldste funna er frå eldre steinalder, nærare bestemt tida omkring 5200 f.Kr.

Trykk her for å komme til netttsida til Skipshelleren for meir informasjon om historia til plassen, tilkomst, undervisning og mykje meir. 

Kontaktinformasjon for skuletur til Skipshelleren

Ta kontakt med Evy Beate Kvamme.

Mobil: 936 45 297

E-post: evy.beate.kvamme@vaksdal.kommune.no

Kulturminneplan

Kulturminneplanen er eit informasjons- og planleggingsdokument for kulturminner i Vaksdal kommune, som òg inneheld ei prioritering over viktige kulturminne i kommunen.

Kommuneplanens arealdel inneheld omsynssonar for bevaring av kulturmiljø (H570), med føresegner skildra i samfunnsdelen.

Trykk her for å lese gjeldande planar.
Einskildkart over objekta kan tilsendast på førespurnad.

Kulturminneregistrering

Kulturminnesok.no er ein brukarbase der du kan finna og leggja inn kulturminne. Basen er knytta til Riksantikvaren sin katalog «Askeladden» og er ikkje komplett.

Finn du ikkje det du leiter etter kan du sjå i kulturminneplanen.

Trykk her for å komme til kulturminnesok.no.

Bygg som vart bygde før 1900 er registrert i SEFRAK-registeret. Her finn du fleire kartløysingar.
I 2012 gjennomførte vi ei kommunal kulturminneregistrering.

Trykk her for å finne del 1, som skildrar objektane.
Trykk her for å finne del 2, som synar registreringa.

Tilskot til tiltak

Vaksdal kommune har ikkje eigne midlar, men vi tar imot søknadar til «tilskot til verneverdige bygg» hjå Vestland fylkeskommune.

Søknadsfrist hos oss er ein månad før den fylkeskommunale fristen.

Er du på jakt etter råd til bevaring av verna kulturminne og mogelege finansieringskjelder?
Trykk her for å komme til byggogbevar.no.

Kontaktperson for kulturminne Oliver Gravermoen

Har du spørsmål knytt til kulturminne, ta kontakt med Oliver Gravermoen.

Telefon: 414 24 077

E-post: oliver.gravermoen@vaksdal.kommune.no


Sist oppdatert: 14.01.2021
Publisert: 26.07.2018