Kulturskulen

Vaksdal kulturskule har eit variert undervisningstilbod til barn og unge innan musikk og visuelle kunstfag. Som elev i kulturskulen er det venta ei eigeninnsats heime mellom undervisningsøktene for å ha progresjon.

Sjå rammeplan for kulturskulen, vi legg den til grunn for drifta vår.

Kulturskulen har enkeltundervisning og gruppetilbod. Hovudbasen vår er på Dale, men vi gir tilpassa undervisning andre stadar når det er bærekraftig ut frå elevtal i dei ulike bygdene. Kontakt oss om du lurar på noko eller ønsker hjelp til å søke elevplass.

Kontaktinformasjon

E-post: kulturskulen@vaksdal.kommune.no

Sindre Sortland, kulturskulerektor

Evy Kvamme, sekretær

Besøksadresse:
Dalseidvegen 7 (Dale skule)

Postadresse:
Konsul Jebsensgate 16
5722 Dalekvam

Gratisplassar i kulturskulen

Du kan søkje om gratisplass i kulturskulen viss husstanden har ei samla inntekt under kr. 668 862,- (6G)* per år. Ordninga har avgrensa tal plassar, og du må dokumentere inntekta.

Du søkjer elektronisk, og loggar inn med ID-porten (BankID eller liknande):

Trykk her for å komme til søknadsskjema for gratisplass i kulturskulen.

Slik søkjer du

Søknadsinformasjon

Trykk her for å melde deg på kurs.

Trykk her hvis du har vore elev i kulturskulen tidlegare.

Brukarnamn er fødselsdatoen din, seks siffer (ddmmåå). Har du ikkje passord, ber du om eit nytt.

  • Alle som søkjer, kjem automatisk på venteliste og får plass så snart det er ledig. Påmeldinga er bindande frå tida du takkar ja til tilbodet. Du får ei rekning i posten per semester.
  • All kommunikasjon i det elektroniske søknadssystemet vårt skjer på e-post og tekstmelding.
  • Det er ingen søknadsfrist, men hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai/juni kvart år.

Pris

Kva kostar det kvart halvår i 2024
  • Ordinær elevkontingent: kr. 1.644,- 
  • Visuelle kunstfag (med materialkostnad): kr. 2.105,- 
  • Ukulelekurs i gruppe i SFO-tida: kr. 725,- 

Familie- og fleirfagsrabatt:

  • 20% rabatt for søsken av fullpriselevar
  • 20% på fag nummer 2
  • 25% rabatt på fag nummer 3 eller søsken nummer 3
  • 20% for medlemar i korpset

OBS! For å få rabatten må same føresett søkje, og vere betalar for alle i familien.

Vaksne kan og søkje plass, men born og unge er prioritert. For vaksne elevar gjeld eigne betalingssatsar.

Ved manglande betaling kan kulturskulen seie opp plassen. 

Sjå alle våre tilbod

Dansekurs

Trykk her for å melde deg på kurs

Dans med StigPaa (Stig Markussen) er eit dansekurs med helgesamlingar på Dale skule hausten 2023. Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 til 19 år.

StigPaa underviser i hip hop og break. Det blir dans laurdag og søndag i tida 12-16.

  • Helg 1: 28.-29. oktober
  • Helg 2: 11.-12. november
  • Helg 3: 2.-3. desember og avslutningsframsyning onsdag 13. desember.

Deltakarar betalar for eit kortkurs (758,50 kr)

Band

Trykk her for å søkje plass på band

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Elevar på bandvil lære få opplæring i ulike relevante stilartar. Notasjonen vil være enkel, og mykje vil være gehørbasert. Samspel vil være det viktigaste, og det er ein stor fordel for elevane å ha kulturskuleplass på instrumentet sitt i tillegg.

Kvar er vi?

På Dale og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Fleire lærare undervisar i dette tilbodet

Ukulelekarusell

Trykk her for å søkje plass på ukulele

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for førsteklassingar på Dale, Stanghelle og Vaksdal.

Kva får du?

Dette er eit skreddarsydd opplegg til førsteklassingane utvikla av læraren sjølv. Me lærer rytmar og grep, speler kjende songar og lagar eigne songar. Me satsar på læring gjennom leik med undervisning ein dag i veka i SFO-tida. Kurset startar etter haustferien og går fram til påskeferien.

Du får ei grunnleggande innføring i å lese og notere musikk, og det kan vere akkordar, tabulatur og rytmisk notasjon. Dette er ei flott innføring i musikk, og eit grunnlag for andre musikktilbod.

Kvar er vi?

I SFO-tida på Dale, Stanghelle og Vaksdal.

Kven underviser dette tilbodet?

Sindre Sortland
E-post: sindre.sortland@vaksdal.kommune.no

Fløyte

Trykk her for å søkje plass på fløyte

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Tverrfløyte er eit blåseinstrument i treblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige fløyte av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Undervisninga er fletta saman med korpstilbodet i kommunen. Elevane bør spele i korpset, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

Kvar?

Dale Skule, Stanghelle Skule og Vaksdal Skule (onsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Knut Magnus Bøen
E-post: Knut.Magnus.Boen@vaksdal.kommune.no

Klarinett

Trykk her for å søkje plass på klarinett

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Klarinett er eit blåseinstrument i treblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige klarinett av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen)
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar er vi?

Dale skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Uldis Plepis
E-post: Uldis.Plepis@vaksdal.kommune.no

Saksofon

Trykk her for å søkje plass på saksofon

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Saksofon er eit blåseinstrument i treblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige saksofon av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen)
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Uldis Plepis
E-post: Uldis.Plepis@vaksdal.kommune.no

Baryton/Euphonium

Søk plass på baryton/euphonium

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Baryton er eit blåseinstrument i messingblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige baryton av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen) og
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Ole Kristian Bonden ole.kristian.bonden@vaksdal.kommune.no

Horn

Søk plass på horn

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Horn er eit blåseinstrument i messingblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige horn av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen) og
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Ole Kristian Bonden ole.kristian.bonden@vaksdal.kommune.no

Kornett

Søk plass på kornett

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Kornett er eit blåseinstrument i messingblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige kornett av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen) og
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Ole Kristian Bonden ole.kristian.bonden@vaksdal.kommune.no

Trombone

Søk plass på trombone

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Trombone er eit blåseinstrument i messingblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige trombone av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen) og
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Ole Kristian Bonden ole.kristian.bonden@vaksdal.kommune.no

Trompet

Søk plass på trompet

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Trompet er eit blåseinstrument i messingblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige trompet av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen) og
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Ole Kristian Bonden ole.kristian.bonden@vaksdal.kommune.no

Tuba

Søk plass på tuba

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Tuba er eit blåseinstrument i messingblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre gruppe. Du får og spele på kulturskulen sine konsertar.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane. Du kan leige tuba av kulturskulen, eller låne gjennom korpset så lenge lageret rekk.

Alle som speler eit korpsinstrument bør spele i korps, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

De kan vente at kulturskulelæraren jobbar for å gje eleven ei musikalsk utrustning for meistre samspelet i korpset. Det handlar om:

  • Teknikk (å lære å spele på instrumentet, den kroppslege delen)
  • Musikalitet (forståing av musikalsk språk, den mentale delen) og
  • Teori (noteopplæring). Det er eit mål å lære mest mogleg av teorien gjennom praktisk arbeid

Kulturskulelæraren vil jobbe med repertoar eleven speler i korpset. I tillegg vil eleven få spele annan musikk etter individuell tilpassing.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Ole Kristian Bonden ole.kristian.bonden@vaksdal.kommune.no

Fiolin

Søk plass på fiolin

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Det er ikkje gjort på ein to tre å bli ein god fiolinist. Difor tilbyr vi fiolinopplæring frå 1. klasse og i nokre tilfelle for enda yngre elevar. Med så små elevar er det ein førestnad  at dei føresette følgjer opp sine håpefulle. Vår fiolinlærar Linda Rea Herland har speialkompetanse i Suzukimetoden. Grunntanken i metoden er at barn må stimulerast tidleg for å utvikle sine eigne talent. Suzukimetoden inneber og at dei føresette engasjerer seg i undervisninga og er med å følgjer opp barnet sitt. Du kan lese meir om Suzukimetoden på http://www.norsuzuki.no/suzukimetoden/

Undervisninga skjer ein til ein og i grupper.

Du får leige fiolin på kulturskulen. Vi har ulike storleikar, frå 1/8 til 1/1 fiolin, med boge og kasse.

Kvar og når?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule (onsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Linda Rea-Herland: linda.rea-herland@vaksdal.kommune.no

Gitar

Søk plass på gitar

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 7 til 20 år.

Kva får du?

Akustisk gitar med nylonstrengar er instrumentet både for nybegynnarar og vidarekomne. Her lærer du å bli kjend med høgre- og venstrehandsteknikk. Du får lære å lese og notere musikk, og det kan vere notar, tabulatur og akkordar. Vi jobbar med akkordar og grep, ulike fingerspel og rytmefigurar du kan bruke til å akkopagnere song eller band.

Undervisninga skjer ein og ein og i gruppe. Når vi jobbar med prosjekt, kan samspel med fleire gitarar, andre instrument og songarar vere ein del av undervisninga. Me oppmodar til å prøve ut kulturskulen sitt bandtilbod i tillegg til speletimen.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane.

Kvar?

Dale skule

Vi legg undervisninga til eleven sin skulekrins om elevmassen ved skulen er stor nok.

Kven underviser dette tilbodet?

Sindre Sortland: sindre.sortland@vaksdal.kommune.no

Gitar - elektrisk

Søk plass på elgitar

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for elevar frå 9 til 20 år.

Det er ein fordel å ha spelt akustisk gitar på kulturskulen, eller å kunne litt gitar frå før.

Kva får du?

Her lærer du meir melodispel, fleire gitarriff, ein til ein og rytmespel. Du blir også betre på notar og improvisasjon for nybegynnarar og vidarekomne. Du får også lære nok om effektpedalar og forsterkarar. Kulturskulen har av og til arrangert verkstad for å bygge sin eigen pedal eller batteriforsterkar. Me oppmodar til å prøve ut kulturskulen sitt bandtilbod i tillegg til speletimen.

Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre grupper.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane.

Kvar?

Dale skule og Vaksdal skule.

Kven underviser dette tilbodet?

Sindre Sortland: sindre.sortland@vaksdal.kommune.no

Gitar - bass

Søk plass på bassgitar

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 9 til 20 år.

Kva får du?

Har du lyst til å lære å spele bassgitar? Då er du kvalifisert. Tilbodet er ope for deg, anten du er nybegynnar eller har spelt ei stund.

Her lærer du enkle bassgangar, og korleis du skal lage dine eigne. Du lærer notar, besifring, oppbygging av akkordar og ulike sjangrar, som pop, rock, vise og blues.

Bassisten er grunnsteinen i eit kvart band. Me oppmodar til å prøve ut kulturskulen sitt bandtilbod i tillegg til speletimen. Du får også lære nok om effektpedalar og forsterkarar. Kulturskulen har av og til arrangert verkstad for å bygge sin eigen pedal eller batteriforsterkar.

Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre grupper.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane.

Kvar?

Vaksdal skule og Dale skule

Kven underviser dette tilbodet?

Sindre Sortland: sindre.sortland@vaksdal.kommune.no

Piano

Søk plass på piano

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 7 til 20 år.

Kva får du?

Piano er eit allsidig instrument, og passar til musikk i mange ulike sjangrar – klassisk, pop, jazz, vise, rock og anna underhaldningsmusikk. Du kan spele åleine og ilag med andre på det same pianoet. Du kan også spele saman med fleire piano, andre instrument, ein vokalist eller eit band.Me oppmodar til å prøve ut kulturskulen sitt bandtilbod i tillegg til speletimen.

Her får du innføring i melodispel, notelære, speling med bass- og diskant nykkel, rytmar, handstilling, fingerplassering, utvikle speleteknikken og noko besifring.

Undervisninga er lagt opp på eit klassisk grunnlag, og skjer ein til ein eller i gruppe.

Du kan få leige instrument av kulturskulen, så langt lageret rekk. Du må ha tilgang på instrument for øving mellom speletimane. Lurer du på kva instrument du treng heime? Vi anbefaler eit akustisk piano eller elpiano med vekta tangentar.

Kvar?

Dale skule, Stanghelle skule og Vaksdal skule

Kven underviser dette tilbodet?

Uldis Plepis: Uldis.Plepis@vaksdal.kommune.no

Linda Rea-Herland: linda.rea-herland@vaksdal.kommune.no

Slagverk

Søk plass på slagverk

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 7 til 20 år.

Kva får du?

Rytmisk slagverk består av alle slaginstrument utan forankring i tonal skala, til dømes trommesett, skarptromme, cymbal, congas, bongo og perkusjonsinstrument.

Undervisninga skjer ein til ein eller i mindre grupper. Du startar gjerne med trommesett, trenar teknikk på skarptromme og leikar litt med conga eller djembe. Vidare lærer du notar, ulike rytmar, taktartar og stilartar som pop, rock, blues og jazz. Her er alt lov - så lenge det er rytmisk og gir musikalsk utvikling.

Du må ha tilgang på instrument for å øve mellom speletimane.

Elevane bør spele i korpset og/eller i band, for å få brukt det dei lærar i kulturskulen i samspel med andre.

Kvar og når?

Vaksdal skule  og Dale skule

Kven underviser dette tilbodet?

Julian David Mills

E-post: Julian.David.Mills@vaksdal.kommune.no

Song

Søk plass på song

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Her lærer du å bruke og utvikle stemma, jobbe med intonasjon, pust, haldning og får forståing for song som eit instrument. Du vil også jobbe med å utvikle kreativitet og sjølvstende, lære om stemmefysiologi, jobbe med pust og klang, trene på gehør, mikrofonteknikk og notelesing.

Undervisninga skjer ein til ein og i grupper eller kor. Det å syngje i kor er ein sentral del av undervisninga av det å kunne syngje fleirstemt, og er ofte brukt i konsertar

Kvar og når?

Vaksdal skule, Dale skule

Kven underviser dette tilbodet?

Lena Fjærestad

E-post: Lena.Fjerestad@vaksdal.kommune.no

Visuelle kunstfag

Søk plass på visuelle kunstfag

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Dette er eit tilbod for elevar frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Undervisninga skjer i gruppe. Elevane får 90 minutt undervisning kvar veke.

I undervisninga legg vi vekt på å utvikle kreativitet og eit sjølvstendig uttrykk. Vi gir også innføring i ulike materiale og teknikkar.

Gleda og energien i det å skape og eksperimentere står sentralt i undervisninga.

I periodar kan det vere aktuelt å samarbeide med elevar frå andre avdelingar i kulturskulen, om ei felles utstilling.

Kvar og når?

Dale skule (tysdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Charles Lunde Charles.Lunde@vaksdal.kommune.no 

Du kan søkje på fleire fag

Kan eg få fleire tilbod?

Ja, du kan søke om plass på fleire fag. Når du får elevplass på eit av tilboda du har søkt på, må du gje kulturskulen beskjed om du ynskjer plass på fleire fag. Band er eit tilbod me oppmodar om å kombinere med instrumentopplæring.

Korps eller kulturskule?

Korps, kulturskule eller begge deler?

Det er ikkje eit krav å spele i korpset om du speler eit korpsinstrument i kulturskulen. Likevel oppmodar vi alle til å ta del begge plassar. Då vil du få verdifull samspelstrening, meistre samspelet mykje lettare, og du vil få hjelp til å meistre stemma di i korpset.

Utmelding og refusjon

Utmelding

Du kan melde ein elev ut på følgjande måtar:

  • Logge inn i speed admin og melde ut
  • Skriftleg på e-post eller per brev til kulturskulen. Utmeldinga er registrert når du har fått stadfesting frå kulturskulen.

1. desember: Utmelding for vårsemesteret

1. mai: Utmelding for haustsemesteret. 

Om utmeldinga kjem etter fristen blir du fakturert for nytt semester.

Refusjon

Vi håpar at alle elevar har det så kjekt at dei ikkje vil slutte.
Om eleven vil byte til eit anna tilbod kan vi hjelpe med det, men om du vil melde ein elev av tilbodet kan du gjere det på følgjande måtar:

  • Logge inn i speed admin og melde ut
  • Skriftleg på e-post eller per brev til kulturskulen. Utmeldinga er registrert når du har fått stadfesting frå kulturskulen.

1. desember: Utmelding for vårsemesteret

1. mai: Utmelding for haustsemesteret.

 Om utmeldinga kjem etter fristen blir du fakturert for nytt semester.


Sist oppdatert: 19.01.2024
Publisert: 01.06.2018