Turbinen

Leigeprisar Turbinen fleirbrukshall

Desse gruppene betalar ikkje leige for bruk av kommunale bygg:

  • Lag og organisasjonar som driv aktivitetar for born og unge
  • Aktivitetar for seniorar
  • Aktivitetar for menneske med nedsett funksjonsevne 

Prisar i Turbinen pr time 2022:

  Pris pr time
Leige av heil hall – vaksne, lag og org Kr 360,-
Leige av del av hall – vaksne, lag og org Kr 185,-
Leige av sosialrom Kr 268,-
Leige av spinningrom Kr 185,-
Leige av foajé Kr 268,-

Fleirbrukshallen Turbinen

Kommersielle aktørar, og større arrangement som er eigna til å gå med overskot, betalar kr 5000,- pr dag.

Trene fast i styrkerommet

Bruk av styrkerommet: Kr 206,-  pr månad
Kjøp av nøkkelbrikke: Kr 123,- pr stk 
Om Turbinen fleirbrukshall

Turbinen fleirbrukshall er Vaksdal kommune si storstove. Hallen vart opna 25. januar 2014.

Hallen består av ein idrettshall med speleflate for handballkampar. Her er også merka og utstyrt for basketball, volleyball og badminton. Hallen kan delast i tre med skiljeveggar ved behov. Hallen har scene og eit enkelt lydanlegg. Det er fire ordinære garderobar og to mindre dommar-/instruktørgarderobar. I samband med inngangspartiet er det eit enkelt kjøkken og kafeområde. 

I andre etasje er det eit godt utstyrt styrkerom som er ope for alle over 16 år. For å få tilgang må ein kjøpe seg ei nøkkelbrikke og betale litt for reinhald. Ynskjer du treningsmedlemskap, klikk her. I same etasje er det også eit rom med spinningsyklar. Dette kan leigast av grupper. Det er ein garderobe med dusj i denne etasjen.

I tredje etasje er det eit sosialrom med prosjektør, lerret, og lydanlegg med teleslyngje. Dette rommet eignar seg godt for mindre kurs (opp til ca 40 personar), men kan også leigast til konfirmasjonar, runde dagar eller andre mindre selskap.  

Kontakt

Er du interessert i å delta på treningar, bruka styrkerom, leiga andre rom eller ynskjer annan informasjon, ta kontakt med 

Driftsleiar Ole Johnny Domben

Besøksadresse:

Sandlivegen 14. 5722 Dalekvam


Sist oppdatert: 10.02.2022
Publisert: 26.06.2018