HeimNatur, kultur og fritidUng i Vaksdal - aktivitetar sommaren 2021

Ung i Vaksdal - aktivitetar sommaren 2021

Vaksdal Frivilligsentral gjennomfører òg i år "Ung i Vaksdal" og vi har no på plass ei rekkje med aktivitetar for barn og unge i Vaksdal, Bergen og Voss. I år har vi motteke midlar til aktivitetane frå BUFDIR.

Nokre aktivitetar er organisert medan andre kan du gjennomføre åleine eller saman med venner og familie.

Aktivitet 8 - 13 er aktivitetar du gjer på eigehand. Fellesaktivitetar er sett opp i slutten av juni, starten av juli og starten av august.

Alle aktivitetane er gratis for deg frå 6 til og med 18 år.

Hugs å leggje inn prioritert rekkefølgje. Vi kan ikkje garantere at du får alle dine val oppfylt.  

Vi gleder oss til å sjå dykk på mange fine aktiviteter i sommar😊.

Helsing Torunn og Trond Olav

👉Trykk her for å opne påmeldingsskjema. (Frist 10. juni)

 

Aktivitet 1 - Familierafting 

Det er plass til 10 - 15 deltakarar pr. oppsett dag. 

Har du ikkje prøvd rafting før anbefalar vi å delta på familerafting.

Ein får prøve både store, stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, og små 2-mannsraftar (Duckies) for dei som vil ha ei større utfordring. Vi lovar mykje bading og moro for alle!

Trykk her for å lese om familierafting med Voss Active. 

Det vert felles avreise frå Dale til familierafting på Voss følgjande datoar:

  • Måndag 21. juni               kl. 13.15
  • Torsdag 24. juni               kl. 08.30              
  • Onsdag 11. august          kl. 13.15

Dette utstyret får du låne:

  • Våtdrakt
  • Surfesko
  • Redningsvest
  • Hjelm

Du må sjølv ta med:

  • Badetøy
  • Badehandkle
  • Mat og drikke

Ungdom frå 12 år kan melde seg på utan at ein vaksen er med.
Aldersgrense er 6 år, men er du under 12 må du ha ein vaksen person med deg.

Pris for vaksne medfølgjarar: kr. 300,- 

Aktivitet 2 - Rafting pao Voss

Det er plass til inntil 10 deltakarar pr. oppsett dag.

Dette blir ein våt og morosam dag i elva Vosso. Her vil du få ei oppleving med adrenalinkick.

Du må kunne symje og tåle å få vatn i ansiktet då det blir mykje bading og moro.

Trykk her for å lese om rafting på Voss

Det vert felles avreise frå Dale til rafting på Voss følgjande datoar:

  • Måndag 21. juni               kl. 13.15
  • Torsdag 24. juni               kl. 08.30              
  • Onsdag 11. august          kl. 13.15

Dette utstyret får du låne:

  • Våtdrakt
  • Surfesko
  • Redningsvest
  • Hjelm

Du må sjølv ta med:

  • Badetøy
  • Badehandkle
  • Mat og drikke

Aldersgrense:  Du må fylle 15 år i år.

Pris for vaksne medfølgjarar: kr. 300,-

Aktivitet 3 - Vindtunnel

Det er plass til inntil 10 deltakarar pr. oppsett dag.

I år fortset vi med suksessen med at vi kan flyge...... ( det føles iallfall slik)

I vindtunnelen på Voss kan du oppleva å flyge i trygge og kontrollerte omgjevingar. 

Mange tenkjer at å flyge i vindtunnell må vera ekstremsport, men det er det ikkje. Det er heilt trygt. Det er berre frykteleg spennande! Du vil få to rundar med flygning.

Trykk her for å lese meir hos Vossvind. 

Det vert felles avreise frå Dale til vindtunnellen på Voss følgjande datoar:

  • Måndag 28. juni               kl. 16.30
  • Onsdag 4. august             kl. 17.00
  • Torsdag 12. august          kl. 17.00

Dette utstyret får du låne:

  • Flygedress
  • Hjelm
  • Øyreproppar
  • Briller

Du må sjølv ta med:

  • Joggesko som kan knytast
  • Hårstrikk eller liknade om du har langt hår

Ungdom frå 12 år kan melde seg på utan at ein vaksen er med. 
Aldersgrense er 7 år, men er du under 12 må du ha ein vaksen person med deg.

Pris for vaksne medfølgjarar: kr. 300,- (om du skal i vindtunnellen)

Aktivitet 4 - Overnattingstur til Flåm/Aurland med zipline og ribboat

Det er plass til inntil 15 deltakarar.

Overnattingsturen blir gjennomført 30. juni – 1. juli med felles avreise frå Dale ca kl. 09.30.

Vi skal oppleva Flåm Zipline - den lengste ziplinen i Norden på heile 1 381 meter.

Her skal vi kjenna pulsen stige når vi set utfor det 305 meter høge stupet ved Vatnahalsen stasjon.

Ziplinen stoppar i Kårdalen ved «Rallarrosa Stølsysteri» som er i den øvste delen av Flåmsdalen. Frå Kårdalen skal vi sykle nedover til Flåm sentrum. Der skal vi overnatte i telt.

Dag to, etter frokost, vil vi ut på Aurlandsfjorden i ribboat.

Dette blir nokre dagar full av action.

Dei som melder seg på vil få ein tur som er full av fart og spenning både til vanns og til værs. 

Vi ordnar med:

  • Transport t/r
  • Middag dag 1, frokost og lunsj dag 2
  • Utstyr som trengs til turen og aktivitetane

Du må sjølv ta med:

  • Sovepose og liggeunderlag – dette kan lånast på BUA Vaksdal
  • Telt – BUA Vaksdal har telt til utlån
  • Lommelykt
  • Regntøy, elles andre kle som er gode og varme. Gode sko
  • Lunsj til første dag
  • Toalettsaker / medisiner
  • Ladar til telefonen

Frivilligsentralen stiller med leiarar, men om det er foreldre som vil delta, så gje oss beskjed. 

Aldersgrense her er 14 år utan foreldre.

Pris for vaksne medfølgjarar: kr. 350,-

Aktivitet 5 - Overnattingstur til Voss med zipline, klatrepark og rafting

Det er plass til inntil 15 deltakarar.

Overnattingsturen blir gjennomført 9. – 10. august og vi reiser med felles buss til Klatreparken på Voss. Avreisetidspunkt kjem seinare.

I klatreparken er det totalt 60 elementer fordelt på fleire løyper.

Er du over 140 cm høy, kan du delta på Zipline. Løypene er varierte, morosame og utfordrande for alle, uansett alder.

Ziplineparken går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva og den lengste ziplinen er 150 meter og følgjer elvestryka nedover.

Etter aktivitetane avsluttar vi kvelden med grilling. Vi skal overnatte i lavvoar.

Etter frokosten, dag to, ryddar vi opp etter oss og reiser ned til Voss for å rafte.

Resten av dagen blir ein blaut fornøyelse med mykje bading og mykje moro! Etter lunsj reiser vi heim igjen.

Frivilligsentralen ordnar med grillmat og frokost samt det meste som vi treng til overnattingsturen.

Du må sjølv ta med:

  • Sovepose og liggeunderlag – dette kan lånast på BUA Vaksdal
  • Regntøy, samt gode og varme kle (ulltrøye/superundertøy)
  • Badetøy/badehandkle
  • Lunsj til første dag
  • Toalettsaker
  • Lommelykt

Aldersgrense er 14 år utan foreldre.

Pris for vaksne medfølgjarar:                     kr. 350,-

Aktivitet 6 -  Juvvandring

På juvvandringa blir du kledd i våtdrakt, hjelm og redningsvest, Vi skal veksle mellom å svømme, klatre og hoppe langs med elva i juvet.

Du vil få oppleva digre jettegryter, naturlege vannsklier i elva, små stryk og krystallklare kulpar nedover elva. 

Trykk her for å lese meir om juvvandring hos Vossactive. 

Dette er ein aktivitet som berre er tilgjengeleg seint på sommaren, men det er viktig at de melder dykk på no, slik at vi veit kven som er interessert.

Det vil kome ytterlegare informasjon med dato og kor mange deltakarar som kan vera med. Du må vera svømmedyktig for å delta på denne aktiviteten. 

Aktivitet 7 - Elvebrett

Det er plass til inntil 15 deltakarar.

Dato og anna informasjon vil kome, så snart vi veit meir om interessa for denne aktiviteten. 

Dette er kanskje den tøffaste elvesporten i Noreg som er å oppdriva, men du bestemmer sjølv kor ekstrem du vil at sporten skal bli for deg.

Det er hardt arbeid, det blir vått og vilt og etter turen er du klar for boblebadet.

Nokon syns det er mest moro å surfe i bølgjer og svømme ned småe stryk, medan andre vil prøve seg i store valser og trange, bratte fossefall.

Med svømmeføter og hanskar er det forbausande lett å manøvra seg sjølv og elvebrettet. Du får god rettleiing heile vegen.

Trykk her for å lese meir om elvebrett hos Vossactive. 

Dette utstyret får du låne:

  • God drakt som beskyttar deg mot element i elva
  • Redningsvest
  • Hjelm

Du må sjølv ta med:

  • Varme kle
  • Badehandkle
  • Matpakke/drikke

Aldersgrense er 14 år.

Pris for vaksen medfølgjar: kr. 200,-

Aktivitet 8 - Tur med Gondolen på Voss - familietur

Dette er ei tur som de gjennomfører på eigehand. De vil få heiskort hjå Frivilligsentralen og kortet kan nyttast til ein tur når de ynskjer i løpet av sommaren.

Voss Gondol fraktar dykk frå Voss stasjon som er på 56 m.o.h og opp til Hangurstoppen som ligg på 820 m.o.h.. Turen opp tek under 9 minutt.

Hangurstoppen er eit fantastisk utgangspunkt for mange flotte turar i fjellet. Her kan ein ta både lange og korte turar med ulike vanskegrader.

Det er òg mogeleg å ta Stolpejakten på toppen.

På Hangurstoppen kan de kjøpe mat og drikke i restauranten, men like kjekt er det å ta nistepakke med i tursekken. 

Trykk her for å lese meir hos Voss-gondol. 

Her er det er ingen aldersgrense, då dette er ein fin familieaktivitet.

Heiskortet er gratis for alle barn og unge til og med 18 år.

Pris for vaksne - kr 200,- pr. person for heiskort.

Aktivitet 9 - Klatreparken Voss

 Dette er ei tur som de gjennomfører på eigehand.

De vil få dagskort hjå Frivilligsentralen og det kan nyttast til ein tur når du/de ynskjer i perioden 15. juni – 20. august.

De må sjølv bestille dag og tidspunkt for besøk i parken.

Trykk her for å lese meir om klatreparken hos Vossactive.

I parken er det totalt 60 element fordelt på 4 små løyper for dei over 100 cm samt 2 store løyper og 1 zipline løype for dei over 140 cm.

Parken er lokalisert i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjellet.

Løypene er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne.

De må ha med gode sko til å klatra i, samt ta med matpakke og drikke.

Dagskortet er gratis for alle barn og unge til og med 18 år.

Pris for vaksne kr 200.- pr. person.

Aktivitet 10 - Besøk i Akvariet i Bergen

Dette er ei tur som de gjennomfører på eigehand.

De vil få inngangsbillett hjå Frivilligsentralen og den kan nyttast til ein tur når de ynskjer i perioden 15. juni – 20. august.

Tenk å ha ein heil dag i Akvariet på Nordnes blant krokodiller, selar, edderkoppar og pingvinar!

Ta gjerne med mat og drikke, eller du kan kjøpe noko å spise i kafeteria på Akvariet. 

Trykk her for å lese meir om Akvariet i Bergen 

Passar for alle i alle aldrar!

Inngangsbilletten er gratis for alle barn og unge til og med 18 år.

Pris for vaksne kr 200,- pr. person.

Aktivitet 11 – Kinobesøk

Kinobesøk gjennomfører du på eigehand.

Du vil få kinobillett hjå Frivilligsentralen og den kan nyttast til ein film når du ynskjer i perioden 15. juni – 31. desember. Det vil vera ein billett til kvar person. 

Du vel sjølv kva dag du har lyst til å sjå ein god film og kose deg anten på Voss eller Bergen.

Hugs at det òg er mogeleg å gå på førmiddagskino om du ikkje vil reise ein ettermiddag/kveld. 

Trykk her for å sjå programmet hos Bergen kino.

Trykk her for å sjå programmet hos Voss kino.

Kinobilletten bestiller du på same skjema som dei andre aktivitetane

Inngangsbilletten er gratis for alle barn og unge til og med 18 år.

Pris for vaksne er kr 100,- pr. billett.

Aktivitet 12 - Bading i Vossabadet

Turen i Vossabadet gjennomfører du på eigehand.

Du vil få inngangsbillett hjå Frivilligsentralen og den kan nyttast til ein tur når du ynkjer i perioden 15. juni – 20. august.

I Vossabadet er det:

  • Opplæringsbasseng
  • 25 - metersbasseng
  • Stupebasseng
  • Sklie
  • Bastu

Trykk her for å lese meir hos Vossabadet. 

Inngangsbilletten er gratis for alle!

Aktivitet 13 - Stolpejakt på Voss

Denne turen kan de gjennomføre på eigehand eller de kan vera med på fellestur 6. august.

Stolpejakt er ein mosjonsaktivitet som kombinera turgåing, kultur og opplevingar i naturen.

Hovudsakleg er aktiviteten lokalisert til nærmiljøa, men har òg spredt seg ut i meir tradisjonelt skogsterreng og i fjellet. 

Kart og anna informasjon kan lastast ned som ein eigen app på telefon. Du kan òg få papirutgåva på Frivilligsentralen.

Trykk her for å lese meir om Stolpejakt på Voss.

Om de reiser på eigehand må de sjølv ordne transport til Voss.

De vil de få ein matbong hjå Frivilligsentralen.

Det er òg sett opp ein felles tur med felles transport til Stolpejakt på Voss den 6. august.

Det vert felles avreise frå Vaksdal, og det vil kome meir informasjon om tidspunkt for avreise. Her vert det òg delt ut matbong.

Om de reiser på eigehand er prisen for vaksne kr. 50,- pr person.

Om de er med på fellesturen er prisen for vaksne kr. 100,- pr. person.

Aktivitet 14 – Skitur til sommerskisenteret Folgefonna

Skituren til sommarskisenteret på Folgefonna er sett opp 29. juni.

Fonna er eit av Europas fremste sommarskisentre.

Lokalisert 1200 moh ved Jondal i hjartet av Hardanger, tilbyr vi alpinløyper for heile familien, variert freestylepark og langrennsløyper på isbreen.

Frå toppen av skiheisen, 1470 moh, får du spektakulær utsikt til isbreen, Hardangerfjorden og Nordsjøen. Sommarsesongen på Fonna er normalt frå mai til september.

Du kan bruke langrennski eller slalåmski. Om du ynskjer å låne utstyr til turen kan du bestille dette hos BUA Vaksdal.

Trykk her for å komme til BUA.

Trykk her for å lese meir om skisenteret på Folgefonna.

Vi ordnar med:

  • Transport t/r
  • Heiskort

Du må sjølv ta med:

  • Varme kle og sko
  • Matpakke og drikke
  • Langrenn- eller slalåmutstyr (hugs hjelm til slalåm)

Skituren er gratis for alle barn og unge til og med 18 år.

For vaksne kostar skituren kr 400,- pr. person.

Aktivitet 15 - Konsert med Vinskvetten i parken på Dale 5. juni (OBS! påmeldingsfrist 1. juni! )

Frivilligsentralen har 15 billettar som skal delast ut til unge som har lyst å gå på konsert med Vinskvetten. 

Konserten er laurdag 5. juni kl 14.00 i parken på Dale.

Merk deg at påmeldingsfristen til konserten er 1. juni.

Aktivitet 16 – Overnattingstur til Dagsturhytta Fjordsyn, Stanghelle

Det er plass til inntil 15 deltakarar.

Overnattingsturen til Dagsturhytta Fjordsyn er sett opp tysdag 6. juli kl. 18.00 til onsdag 7. juli kl. 12.00.

Denne turen vert lagt opp til ein organisert aktivitet med ein ansvarleg vaksen med på turen. Det er oppmøte i Agnavika før utmarsj til Dagsturhytta Fjordtun. Overnattinga vert i hengekøyer i området Follavika.

BUA Vaksdal har hengekøyer til 10 deltakarar, men det er fint viss nokon har eigen dei kan bruke.

Vaksne som har mogelegheit til å delta med eigne barn kan òg melde seg på.

Vi griller pølser ved dagsturhytta ca kl 20.00. Frivilligsentralen kjøper inn pølser.

Du må sjølv ta med:

  • Sekk
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Drikkeflaske
  • Niste/brødmat til kvelds/frokost
  • Ekstra kle  

Om du treng låne noko utstyr så kan du bestille hos BUA Vaksdal.

Trykk her for å komme til BUA.

Overnattingsturen er gratis for alle.

Aktivitet 17 – SUP-brett og elvekano på Vaksdal, Stanghelle og Dale

Om du har lyst til å prøve ut SUP-brett og elvekano er det berre å møte opp i Agnavika, på Kolakaien eller ved Dalebrygga dei aktuelle dagane som er sett opp.

Du treng du ikkje melde deg på, berre møte opp i tidsrommet vi er til stades på dei ulike plassane. 

Frivilligsentralen har med SUP-brett, elvekano og redningsvester.

Følgjande stad og tid er sett opp:

  • Fredag 25.06.2021   12.00-16.00                 Stad: Agnavika på Stanghelle
  • Fredag 02.07.2021   12.00-16.00                 Stad: Kolakaien på Vaksdal
  • Fredag 09.07.2021   12.00-16.00                 Stad: Dalebrygga ved Dalevågen

Vi vil føre deltakarlister i samsvar med smittevernsreglar.

Kontaktinformasjon

Vaksdal frivilligsentral, Torunn Samuelsen

Barne- og ungdomsarbeider Trond Olav Magnussen

Viktig informasjon - må lesast av alle deltakarar

  • Påmelding er bindande. Om du likevel ikkje ynskjer å delta må vi ha melding om dette seinast 3 dagar før aktiviteten vert gjennomført. Om du ikkje møter opp utan å gje melding må du betala eigenandelen. 
  • Vi kan komme i den situasjonen at aktivitetar må avlysast. Då skal de få melding så snart vi veit det. 
  • På dei aktivitetane der mange vil delta må vi setje opp ventelister. Vi vil prioritera dei som ikkje deltok på den aktuelle aktivitet i fjor, men vi skal gjera så godt vi kan for at alle får oppfylt ynskjene sine. 
  • Ein del av aktivitetane har eigne forsikringar, men alle som deltek på aktivitetar bør ha eigen reiseforsikring då Vaksdal kommune ikkje har forsikringar som dekkar frivillige aktivitetar. 
  • Info frå Voss Active: er eit profesjonelt selskap som dagleg arrangera ulike aktivitetar både i elv og i naturen. Sikkerheit er tatt veldig godt vare på gjennom interkontroll og internasjonale reglar og normer. Alle guidene har gjennomgått ei grundig utdanning og har ei lang erfaring.  Voss Active har ansvarsforsikring i Gjensidige og alle er ulykkesforsikra under aktivitet. 
  • Om du vil bli med på turar med overnatting er det viktig at du respektera dei reglane vi set. Alle arrangementa er alkohol og rusfrie. Om dette ikkje vert respektert må du sjølv betala for heile turen, og du vert sendt heim for eigen rekning.  
  • Det vil delta reiseleiarar som er godkjent av Frivilligsentralen. Desse må levera politiattest i forkant av aktiviteten dei skal leie. 

Sist oppdatert: 25.05.2021
Publisert: 24.05.2021