Klage på eit vedtak i ein byggje- eller delingssak
Har du som søkjer fått eit vedtak som du vil klage på?
Klagefristar
Fristen for å klage er tre veker frå vedtaket vart levert i postkassa eller på e-posten din.
Slik klagar du
- Vi har ikkje eit eige skjema for å sende ein klage. Klagen sender du i eit vanleg brev til oss.
- Klagen må vere skriftleg. Du må vise til vedtaket det vert klaga på og kva endring du ønskjer i vedtaket.
- Klagen sender du på e-post til post@vaksdal.kommune.no eller med post til Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.
- Du må poste klagen før fristen går ut.
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å klage på eit vedtak.
Kva skjer vidare?
- Når du sender klagen, vil du motta eit brev som stadfestar at vi har mottatt klagen din.
- Dersom du har bedt om utsett iverksetting av vedtaket, vert det vurdert av kommunen.
- Dersom det er fleire partar involvert, så vert klagen sendt til partane med frist for å gi kommentarar til klagen.
- Vi vurderer klagen og kan endre vårt vedtak.
- Vi behandlar klagen din innan tolv veker. I saker der vi har gitt utsett iverksetting av vedtaket, er fristen seks veker.
- Dersom vi ikkje godtar klagen, sender vi klagen vidare til politisk behandling i kommunen.
- Dersom klagen ikkje blir godkjent, blir klagen videresendt til Statsforvaltaren i Vestland for behandling. Statsforvaltaren skal behandle klagen innan tolv veker.
Kva seier lova?
Sist oppdatert:
01.06.2018
Publisert:
01.06.2018