Høyring og offentleg ettersyn - forslag til Områdereguleringsplan for tettstaden Stanghelle
Forslagsstillar er Vaksdal kommune, med plankonsulent Henning Larsen/Rambøll.
Føremålet med planen er å leggje til rette for at stasjonsbyen Stanghelle kan veksa og bli utvikla vidare til ein fleirfunksjonell stad med bustadar, næring, handel, offentleg og privat tenesteyting, blågrøne strukturar, møteplassar, friluftsliv og naturopplevingar. Stanghelle blir planlagt for ei framtidig auke i folketal og tilreisande, og utviklinga skal bli forankra i staden sin natur og lokale historie.
Høyringsfrist er 30. juni. 2024
Alle merknadar skal bli merka - «Høyring Områdeplan for Stanghelle» (emnefeltet i e-post), og bli sendt til post@vaksdal.kommune.no. Dersom ein ikkje har tilgang til e-post, kan merknaden bli sendt som brev til Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam.
Dokumenta i saka:
Planomtalen skildrar planen sitt føremål, hovudinnhald og verknadar.
Plankart over reguleringsplanen viser arealføremål og omsynssoner (med faresoner).
Plankart over reguleringsplanen viser arealføremål og omsynssoner (utan faresoner).
Reguleringsføresegna til plankartet gjev konkrete føringar for kva som kan bli gjort på eigedomen.
Konsekvensutgreiingane
Konsekvensutgreiingane (KU) viser særskilde vurderingar og beskrivingar av dei miljø- og samfunnsmessige verknadane som kan komme av planforslaget.
- KU Landskapsbilete Stanghelle
- KU Frilutsliv, by og bygdeliv
- KU Naturmangfald Stangelle
- KU Kulturarv Stanghelle
- KU Naturressursar
- KU Tettstadsutvikling og urbanisering
- KU Næringsutvikling og arbeidsplassar
Andre vedlegg til saka:
- Temakart over bestemmelsesområder
- Temakart over omsynssoner
- Temakart skred
- Fjernverknadar
- Trafikknotat
- Fagnotat over skredfare
- Aktsemdkartelegging
For nærare opplysningar, kontakt sakshandsamar Knut Trefall, knut.trefall@vaksdal.kommune.no.