HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarInterkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Kommunestyra i dei 8 kommunane (Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modale, Osterøy og Vaksdal) gjorde vedtak om å opprette eit interkommunalt planutval (IKPU) som skal styre prosessen med å utarbeide ein interkommunal plan for sjøareal i Regionen. IKPU har no gjennomført prosessen etter det mandatet dei fekk og har utarbeida eit forslag til arealplan for sjøareala som dei tilrår kommunestyra å vedta. Det einskilde kommunestyra skal vedta arealplanen for sin kommune, men den bygger på ein samordna plan i regionen. Planen har felles føresegn, planskildring, konsekvensutgreiing og kunnskapsgrunnlag. Region Nordhordland, PlanID 2021001, for Vaksdal kommune.

Sjøplanområde region nordhordland

Dokumenta i saka:

Planomtale: skildrar planen sitt føremål, hovudinnhald og verknadar.

Arealplankart over planen.

Føresegna til plankartet gjev konkrete føringar for bruk og vern av område.

Andre dokument i saka:

Trykk her for å lese saksutgreiing med vedtak.

Trykk her for å lese konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalysen.

Trykk her for å lese alle vurderingane.

Trykk her for å sjå kjelder

Trykk her for å lese kunnskapsgrunnlaget.

Trykk her for å lese referat frå IKPU 03.10.2023.

Plandokumenta er også tilgjengeleg i Innbyggjarservice på Heradshuset.

For nærare opplysningar, kontakt sakshandsamar Knut Trefall, knut.trefall@vaksdal.kommune.no.


Sist oppdatert: 03.01.2024
Publisert: 20.12.2023