Kunngjering av vedtatt reguleringsplan

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Vaksdal kommunestyre 17.09.2024, sak 68/24, vedtatt følgjande reguleringsplan: 

Endring av reguleringsplan for E16 og Vossebanen, Arna – Stanghelle, delområde Langhelleneset, Gamle Fossen / Fossmark, m.fl, PlanID 4628_2023001 

Trykk her for å sjå plandokument og vedtak   

Føremål

Statleg reguleringsplan for Fellesprosjektet Arna- Stanghelle vart vedtatt 01. april 2022. Grunna optimalisering og reduksjon av risiko og kostnadar ser Fellesprosjektet Arna- Stanghelle behov for reguleringsendringar.

Føremål med planen er å endre delar av reguleringsplanen for fellesprosjektet E16 og Vossebanen for strekninga Arna – Stanghelle, blant anna for å leggje til rette for endringar i løysing for deponering av massar til sjødeponia. Andre endringar er tilpassing av midlertidige byggje- og anleggsområde, areal til skredsikring, leggje til rette for kontroll og vektstasjon, samt mindre justeringar inn mot enkelteigedommar.

Klagerett og verknad av plan

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Kommunestyret sitt vedtak kan bli påklaga av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut.

Klage må vere framsett skriftleg til Vaksdal kommune, helst som e-post; post@vaksdal.kommune.no.

Det må framgå av brevet at det gjeld klage, og kva som vert klaga på. Den må bli grunngjeve, og eventuelt bli understøtta med opplysningar.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2.


Sist oppdatert: 25.09.2024
Publisert: 25.09.2024