HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarReguleringsplan for bussterminal på Dale

Reguleringsplan for bussterminal på Dale

Med heimel i Plan- og bygningslova §12-8 varslar Vaksdal kommune om at det vert sett i gang arbeid med detaljregulering for bussterminal på Dale i
Vaksdal kommune.

Planarbeidet har PlanID 2021002.

Føremålet er å regulere ein felles kollektivterminal for å samle regionale ruter, skuletransport, taxi og hente/bringefunksjon til skulen i eitt område. Planen vil regulere busshaldeplass med tilhøyrande infrastruktur for inntil fire bussar i Lauvgardsvegen ved skulen.

Gjeldande plan er reguleringsplan 2018002 som vart vedteken i 2019. (Kollektivterminal i Dalseidvegen) Denne planen skal opphevast ved vedtak av ny plan.

Offentlege instansar, naboar og andre interessentar vert varsla direkte i brev.

Innspel til planarbeidet sendast:

Vaksdal kommune, Helge Berset
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

E-post til post@vaksdal.kommune.no

For nærare informasjon, ta kontakt med kommunalsjef Helge Berset

Under finn du dokumenta i saka:

Trykk her for å opne dokumentet "Plangrense oppstartsvarsel" (PDF)

Trykk her for å opne dokumentet "Plankart kollektivterminal Dale" - PlanID 2018002 (PDF)

Trykk her for å opne dokumentet "Føresegner kollektivterminal Dale" - PlanID 2018002(PDF)

Trykk her for å opne dokumentet "Sakspapir" (PDF)


Sist oppdatert: 13.04.2021
Publisert: 12.04.2021