HjemPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarRullering av Kommuneplanens samfunnsdel

Rullering av Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanens samfunnsdel er kommunen sin viktigaste strategiske plan. Den skal hjelpe oss med å møte framtidige utfordringar.

Planen skal både gje langsiktig retning for utvikling av Vaksdal, og definere kva satsingsområde kommunestyret ønskjer å prioritere på kortare sikt. Satsingsområda skal følgjast opp i økonomiplanarbeidet og liggje til grunn for vurdering av behov for nye eller endra strategiar og temaplanar.

Planprogrammet beskriv hovudtema for planen, og opplegg for planprosess og medverknad. Vidare vert dei viktigaste områdane for samfunnsutvikling i Vaksdal fram mot 2035 presentert:

  • Demografi og folketal
  • Attraktivitet og busetjing
  • Levekår og folkehelse
  • Arbeidsmarknad og verdiskaping
  • Klima, miljø og omstilling
  • Samfunnstryggleik og beredskap.

For kvart område for samfunnsutvikling er det løfta fram kva sentrale tema som skal ha fokus i arbeidet med samfunnsdelen.

Beskrivinga er utarbeidd med bakgrunn i kommunal planstrategi og kunnskapsgrunnlag for utfordringsbilde for Vaksdal kommune.

Både organisering av planprosessen og opplegg for medverknad er bygd opp rundt desse tema.

I medhold av plan- og bygningsloven § 11-12 vert det varsla oppstart av planarbeidet for rullering av kommuneplanens samfunnsdel. Samtidig vert forslag til planprogram, datert 29.11.2022 sendt på høyring, i samsvar med plan- og bygningslovens § 11-13.

Trykk her for å lese "Kunnskapsgrunnlag for Kommuneplanens samfunnsde.

Trykk her for å lese "Planprogram for kommuneplanens samfunnsdel".

Merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet sendast innan 22.01.2023 til: 

Merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet sendast innan 22.01.2023 til:


Sist oppdatert: 14.12.2022
Publisert: 07.12.2022