Kommunestyremøter

Kommunestyremøte

Kommunestyret vel formannskap, ordførar og varaordførar mellom medlemmene i kommunestyret. Kommunestyret kan opprette og legge ned faste utval og fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for slike utval. Alle saker som er av prinsipiell natur skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld mellom anna budsjett, økonomiplan og overordna planar for den kommunale verksemda

Møta startar normalt klokka 10.00 og er opne for publikum. Møta er i kommunestyresalen i Heradshuset på Dale.

Dei offentleg møta vert filma. Du kan velje mellom å følgja møta direkte eller sjå det i opptak.  Opptaka er tilgjengeleg på nettsida i 14 dager etter møtet. Trykk her for å komme til filmarkivet.

Ønskjer du tilgang til opptak som er eldre enn 14 dager, send oss ei melding:

Open halvtime

Det er open halvtime for publikum frå klokka 10.00.

Om du som innbyggjar, lag eller organisasjon ønskjer å leggje fram saka di til kommunestyret som informasjon må du vere til stades før møtet startar, og gje beskjed om at du har ei sak du vil ta opp.

Du kan ikkje ta opp saker som er på sakslista.  

Politisk møteplan

Innkalling til politiske møter vert sendt ut ei veke før møtestart. Tidspunkt, stad, innkalling og protokoll til poltiske møter er tilgjengeleg for alle. Dette finn du under møteplan på innsyn.

Trykk her for å sjå politisk møteplan 

Reglement for kommunestyret

Reglement inneheld mellom anna reglar for korleis saker skal behandlast i kommunestyret.

Trykk her for å opne reglement for kommunestyret. 


Sist oppdatert: 11.01.2024
Publisert: 19.02.2020