HjemPolitikk og høyringarKontrollutvalet i Vaksdal kommune

Kontrollutvalet i Vaksdal kommune

Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ein ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Trykk her for å lese reglement for kontrollutvalet - vedteke av kommunestyret 23.03.21. 

Utvalet er heimla i kommunelova, kapittel 23, og i forskrift om kontrollutval og revisjon, kapittel 1.

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmer og minimum ein av desse må vere medlem av kommunestyret. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Utvalet er heimla i kommunelova og forskrift om kontrollutval.
Kontrollutvalet har normalt 6 ordinære møter i året. Møta er opne for publikum.

Klikk her for å finne informasjon om møteplan, saksdokument og kontaktinformasjon for medlemmene

Revisjon

Vaksdal kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Sekretariatet for kontrollutvalet

Vaksdal kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariatet for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune.

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme: føring av møteprotokoll og iverksjetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet plikta å følgja utvalet sine retningsliner og pålegg.

Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Vaksdal, kan sendast på e-post Einar.Kare.Ulla@vlfk.no

Oppgåver

Kontrollutvalet skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført:

  • rekneskapsrevisjon
  • forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i
  • eigarskapskontroll av selskap kommunen har eigarinteresser i
  • andre kontroll- og tilsynsoppgåver ved bestillingar til den valde revisor.

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Henvendingar til kontrollutvalet

Som innbyggar i kommunen kan du henvende deg til kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon.

Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle henvendingar som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a.

Vi gjer deg også merksam på at kontrollutvalet kun har plikt til å behandle dei saker som kommunestyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24.

Når det gjeld henvendingar frå andre enn kommunestyret, må kontrollutvalet sjølve vurdere om dei vil prioritere å sjå nærare på det henvendinga tek opp.

Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som henvender seg til kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vere klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.

Nyttige lenker

Sist oppdatert: 12.01.2024
Publisert: 09.09.2020