HeimPolitikk og høyringarSentrale råd, utval, styre og nemnder

Sentrale råd, utval, styre og nemnder

Formannskap/plan- og økonomiutval

Formannskapet er på vegne av kommunestyret kommunen sitt sentrale styringsorgan, med eit særleg ansvar for økonomi- og plansaker. Det gjer i tillegg vedtak i ei rekkje saker etter fullmakt frå kommunestyret. Formannskapet har også mynde å gjere vedtak i saker som skulle vore avgjort av anna kommunalt organ, når det ikkje er tid til å innkalle dette, jf. kommunelova § 13.

Formannskapet i Vaksdal har 7 medlemmer. Formannskapet sine faste representantar og vararepresentantar skal vere faste medlemmer av kommunestyret. Møta i formannskapet vert leia av ordføraren.

Når har Formannskapet møte?

Formannskapet møter til vanleg ein mandag i månaden. Møta vert haldne i kommunestyresalen i heradshuset på Dale. Møta tar til kl 12.00, og er opne for publikum, sjå møteplan og annonsering i avisene.

Reglement for Formannskap/Økonomiutvalet finn du her. 

Sjå oversyn over medlemmer i utvalet her. 

Levekårsutvalet

Utvalet har 7 medlemmer, kommunestyret vel leiar og nestleiar. Levekårsutvalet sitt arbeids- og ansvarsområde er helse og omsorg, folkehelse, oppvekst og opplæring, og andre saker som naturleg fell innafor utvalet sitt ansvarsområde.

Reglement for levekårsutvalet finn du her. 

Sjå møteplan og oversyn over medlemmer i utvalet her.

Bygdeutviklingsutvalet

Utvalet vart etablert 1. mars 2020 og har 5 medlemmer. Kommunestyret vel leiar og nestleiar. Bygdeutviklingsutvalet sitt arbeidsområde er innanfor samfunnsutvikling, med avgjerslemynde til å fordele midlar i nyetablert tilskotsordning for bygdeutvikling.

Klikk her for å lese om tilskotsordninga

Sjå møteplan og oversyn medlemmer i utvalet her.

Administrasjonsutval

Administrasjonsutvalet behandlar saker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Administrasjonsutvalet er sett saman av representantar for kommunen og dei tilsette. Dei tilsette sine representantar vert valt av og blant dei tilsette for to år av gongen. Fleirtalet i utvaleet skal bestå av representantar for kommunen. Kommunestyret vel sjølv kommunen sine representantar og utvalet sin leiar og nestleiar blant desse. 

Arbeidsmiljøutval

Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda..

Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet i verksemda, og følge nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet.

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet er støttespelar og eit rådgjevande organ for kommunen i saker som vedkjem funksjonshemma sine behov og interesser. I lova er nemnt at dette m.a. gjeld saker om tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne, og tenester for folk med nedsett funksjonsevne.

Sjå møteplan og oversyn over medlemmer i rådet her.

Eldrerådet

Eldrerådet arbeider for å styrke eldre si deltaking og medverknad på alle samfunnsområde.
Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen. Rådet kan uttala seg om alle forslag som grip inn i levekåra for eldre i kommunen.

Sjå møteplan og oversyn og medlemmer i rådet her.

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet består av ungdommar som er med å fremje forslag om tiltak for born og unge i kommunen, og vert orientert om, og gjev innspel til kommunen i, saker som angår born og unge.

Trykk her for å lese Ungdomsrådet i Vaksdal kommune sine vedtekter.

Her er ungdomsrådet sine 7 representantar:

Bilete av ungdomsrådet i Vaksdal kommune

May Kristin Løtvedt Larsen (leiar)
Vegard Gullbrå Tollefsen (nestleiar)
Ina Pettersen
Emma Bolstad Farestveit
Nathalia Angelica Mo Lilletvedt 
Regine Kydland
Ingeborg Straume Audestad

Andre utval m.m. i Vaksdal kommune

Oversikt over utval, råd m.m. og valde medlemmer og varamedlemmer for perioden 2019- 2024.


Sist oppdatert: 29.06.2018
Publisert: 29.06.2018