Val 2021

 

Stortings- og sametingsvalet 2021

Valdagen i år er måndag 13. september.

Av omsyn til covid19-smittevern, oppmodar vi flest mogleg om å førehandsrøyste i år. Dette kan du gjere frå 10. august til 10. september.

Dersom du vert forhindra i å røyste i denne perioden er det mogleg å tidlegrøyste frå 1. juli til 9. august. Ta kontakt med innbyggjarservice på 56 59 44 00 om du ønskjer å tidlegrøyste.

Trykk her for å lese generell informasjon om valet på valg.no

For meir informasjon om valet i Vaksdal, klikk på trekkspelmenyen under.

Er du manntalsført og har du røysterett i Vaksdal kommune?

Dersom du er norsk statsborgar, er eller har vore registrert som folkeregistrert busett i Norge og er fødd før 31.12.2003, så har du røysterett til Stortingsvalet.

Alle med røysterett skal vere ført inn i manntalet, men det finns to unntak. Dette gjeld personar med hemmeleg adresse og dei som har vore utanlandsbuande i meir enn 10 år.

For veljarhandlinga er det sett skjæringsdato 30. juni for kva kommune du er heimehøyrande i. Dersom folkeregisteret mottar melding om flytting etter 30. juni, har du røysterett i den kommunen du flyttar frå. Då kan du berre førehandsrøyste i den kommunen du har flytta til.

Manntalet vert lagt ut på innbyggjarservice frå midten av juli. Då kan kontrollere at du er oppført og vi kan korrige evt feil.

Tidleg røysting frå 1.juli til 9. august

Er du forhindra i å røyste på valdagen 13. september eller etter 10. august, kan vi tilretteleggje slik at du kan røyste frå 1. juli til 9. august ved innbyggjarservice, Heradshuset Dale. Ønskjer ein tidlegrøysting, må ein gjere avtale om dette.

Ta kontakt med innbyggjarservice på tlf.56 59 44 00 eller e-post: post@vaksdal.kommune.no

Førehandsrøysting frå 10. august til 10. september

Du kan førehandsrøyste frå og med tysdag 10. august og til og med fredag 10. september ved vallokaler i alle kommunar i landet. 

Tilgjengelege vallokaler finn du på valglokaler.no

I Vaksdal er det desse stadane og opningstidene som gjeld:

OBS! Av omsyn til smittevern er førehandsrøystelokaet flytta frå innbyggarservice til Dale bibliotek.

Dale bibliotek
Mån. kl. 08.30-15.00
Tys kl. 10.00-16.00
Ons kl. 08.30-15.00
Tors kl. 10.00-18.00
Fre kl. 8.30.-15.00

I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming laurdag 4. september kl. 11.00-15.00 og søndag 5. september 16.00-19.00.
Måndag til torsdag siste veka før valdagen vert det halde ope til kl. 19.00.

Andre stadar du kan røyste:

Eksingedalen oppveksttun - torsdag 2. september kl 13.00- 17.30

Stanghelle skule - fredag 3. september kl. 13.00.-17.30

Vaksdal senter - lørdag 4. september kl. 11-00- 14.30

Stamnes oppveksttun - torsdag 9. september kl. 13.00-17.30

Førehandsrøyste på institusjon?

Valstyret har bestemt at det skal gjennomførast førehandsrøysting ved institusjonane i Vaksdal desse dagane:

Daletunet 7. september kl. 10.00-12.00

Vaksdal sjukeheim 8. september kl. 10.00-12.00

Sveabrekko 9. september kl. 10.00-11.00

 

Dersom smittesituasjonen tilseier det, så vil det også vere mogleg å for andre enn bebuarane å røyste.

Røyste på valdagen 13. september

På valdagen må du røyste i din heimkommune. I Vaksdal har vi 3 røystekrinsar med eit vallokale i kvar krins som er ope måndag 13. september. Du kan velje fritt kva lokale du vil bruke.

Røystestad og opningstider på valdagen:

Dale skule  kl. 11.00- 20.00

Samfunnssalen, Vaksdal kl. 11.00 - 20.00

Eidsland Grendahus kl.11.00- 18.00

 

Einskilde kommunar har også ope søndag 12. september. Dette gjeld ikkje Vaksdal.  

Røyste heime? Ambulerande stemmegjeving

Er det vanskeleg for deg å ta deg til eit vallokale under førehandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen, skal du få tilbod om å kunna førehandsrøyste heime. 

Frist for å be om å få røyste heimifrå er fredag 10. september kl. 10.00. Dersom du er i isolasjon eller karantene pga korana, er fristen måndag 13. september kl.10.00.

Ta kontakt med innbyggjarservice på tlf.56 59 44 00 eller e-post: post@vaksdal.kommune.no

Er du i karantene eller isolasjon og vil røyste?

Veljarar som er i isolasjon eller i karantene skal ikkje oppsøke vallokala for å røyste. Vi vil komme heim til deg slik at du får røysta.

Tidleg under førehandsrøysteperioden oppmodar vi deg med å vente til du er frisk og deretter gå til eit vallokale. 

Meld i frå så snart som råd slik at vi kan planlegge for å kome heim til deg. Siste frist for å melde om at du er i karantene eller isolasjon og ønskjer å røyste er måndag 13. september kl. 10.00.

Ta kontakt med innbyggjarservice på tlf.56 59 44 00 eller e-post: post@vaksdal.kommune.no

Merk, dersom det oppstår eit større lokalt Covid 19- smitteutbrot vert det opna eit ekstra vallokale for veljarar i karantene.

 Sametingsvalet

I Vaksdal kommune kan veljarar manntalsført til sametingsvalet røyste under tidleg- og ordinær førehandsrøysteperiode, ikkje på valdagen. 

I dag har ikkje Vaksdal innbyggjarar som er oppført i sametingsmanntalet. Det er mogleg å søkje om innføring og deretter røyste. Sjå meir informasjon hjå Sametinget: https://sametinget.no/politikk/valg/

I tillegg kan andre manntalsførte som ikkje er heimehøyrande i kommunen førehandsrøyste hjå oss. 

Valstyret

Valstyret i Vaksdal er ansvarleg for å gjennomføre valet i kommunen. Det vert no arbeidd med å tilrettelegga for valgjennomføringa, også med tanke på eit eventuelt pandemiutbrot i stemmegjevingsperioden.

Det er mogleg å følgja valstyret sitt arbeid via møteinnsyn.

Medlemmer i valstyret:

  • Hege Eide Vik, leiar
  • Kjartan Haugsnes, nestleiar
  • Erlend Hesjedal- Johannessen
  • Amalie Johnsen Lunde
  • Thor Andersen
  • Heidi Rongved
  • Boris Groth
Sekretær for valstyret Lin Tove Thomassen - kontaktinformasjon

 Mobil: 98 66 78 46

E-post: lin.tove.thomassen@vaksdal.kommune.no

 


Sist oppdatert: 18.08.2021
Publisert: 05.04.2019