Utandørs kunstprosjekt

Vaksdal kommune skal bygge ny barne- og ungdomsskule på Dale for 250 elevar. Dale si nye storstove skal stå klar hausten 2020, og skal i tillegg til skule også innehalde felles skule- og folkebibliotek, administrasjon og øvingslokale for kulturskulen, kultursal for 250 personar med moglegheit for konsert og symjehall med 25m opplæringsbasseng.

Det nye bygget gjer det endeleg mogleg å samlokalisere bygda sine kulturelle krefter og dermed betre rammene for auka samarbeid og styrking av kulturtilbodet i Dale.

Sjølv om Vaksdal kommune allereie har eit rikt og levande kulturliv, manglar staden eit felles identitetsskapande referansepunkt for å understreke kor viktig kunst og kultur er, som generator for utvikling, innovasjon og glede.

Kunstutvalet ønsker å annonsere ein open invitasjon til kunstnarar om å melde si interesse for utandørsprosjektet ved Dale barne- og ungdomsskule.

Utlysinga blir blant anna offentleggjort her på Vaksdal kommune sine nettsider 10.02.2020 og gjennom bladet Billedkunst.

Søknadsfrist: 02.03.2020.

Søknaden skal innehalde ein kort motivasjonstekst, CV samt ein portefolio over relevante kunstprosjekt som representerer kunstnarskapet til kunstnaren eller kunstnargruppa som søker.

Materialet sendast samla i ein PDF (maks filstorleik 5 MB) til leiar for Kunstutvalet:
Grete Skogmo Haugland, Rambøll
grete.haugland@ramboll.no, mobil: 480 51 880.

Trykk her for framdriftsplan og budsjett (PDF)

Trykk her for kunstplan (PDF)

Trykk her for møbleringsplanar (PDF)

Trykk her for utomhusplan (PDF)


Sist oppdatert: 30.06.2020
Publisert: 06.02.2020