Heimeundervisning

Som forelder eller føresett, har du lov til å undervise barna dine heime.

Kva krev heimeundervisning av deg?
  • Du må sende ei skriftleg melding til kommunen.
  • Du må ikkje ha pedagogisk kompetanse, men evne til å drive undervisninga.
  • Du kan berre undervise eigne barn. Skal du undervise andre barn, blir det rekna som skuleverksemd. Då må du ha godkjenning frå departementet.
  • Undervisninga du gir må følgje vilkåra i opplæringslova og svare til undervisninga borna ville fått på ordinær grunnskule.
Kva oppfølging får du frå kommunen?

Kommunen skal føre tilsyn med heimeundervisninga. I samarbeid med deg som forelder eller føresett, kan vi kalle inn barnet ditt til særskilte prøvar. Dersom du ikkje følgjer krava til heimeundervisning, kan vi krevje at barnet startar på skule.

Du må sjølv skaffe lærebøker og undervisningsmateriell, og har ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.

Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om tilsynsplikta til kommunen


Sist oppdatert: 24.05.2023
Publisert: 20.08.2018