Skulehelsetenesta

Korleis kome i kontakt med skulehelsetenesta?

  • Elevane vert kalla inn til helsesjukepleiar etter skulehelseprogrammet
  • Foreldre/barn/ungdom kan sjølv ta kontakt
  • Lærarar formidlar kontakt på vegne av føresette
Kva gjer helsesjukepleiar?

Helsesjukepleiar kan snakke med deg om foreldre, skilsmisser, sjukdom, mobbing, pubertet, kjæraste, vennskap, angst, depresjon, spiseforstyrring, seksuell identitet.

Prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar kan også vere aktuelle tema. 

Kontaktinformasjon og kontortid

Dale skule 1. - 7. trinn

Helsesjukepleiar Anne-Elisabeth Lillevik

Dale skule 8. - 10. trinn

Helsesjukepleiar Brith og sjukepleiar Mie er tilstades på ungdomstrinnet 

  • Tysdagar og torsdagar frå 9-14

Helsesjukepleiar Brith Kydland

Sjukepleiar, psykisk helse, Mie Kvamme

Stanghelle skule

Helsesjukepleiar Anne-Elisabeth Lillevik

  • Torsdagar frå kl 09.00 - 14.00

Mobil: 453 74 081

E-post: anne.elisabeth.lillevik@vaksdal.kommune.no

Vaksdal skule

Helsesjukepleiar Anne-Elisabeth Lillevik

  • Tysdagar frå kl 09.00 - 14.00

Mobil: 453 74 081

E-post: anne.elisabeth.lillevik@vaksdal.kommune.no

Stamnes skule

Helsesjukepleiar Brith Kydland

  • Tysdagar frå kl 09.30 - 13.00 (tre tysdagar per månad)

Mobil: 488 80 383

E-post: brith.kydland@vaksdal.kommune.no

Eksingedalen skule

Helsesjukepleiar Brith Kydland

  • Tilstade ein tysdag i månaden frå kl 10.00 -13.00

Mobil: 488 80 383

E-post: brith.kydland@vaksdal.kommune.no 

Finn oss i sosiale medier

Snapchat: skulehelsesysto

Snapchatillustrasjon

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram 

Facebooklogo

Kva er skulehelsetenesta?

Alle grunnskular og vidaregåande skular skal ha tilbod om skulehelseteneste.

Føremålet med skulehelsetenesta er å fremja fysisk og psykisk helse og å bidra til at alle elevane har eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Tilbodet er retta mot eleven sjølv, familien og skulemiljøet i sin heilskap.

Skulehelsetenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinerer etter barnevaksinasjonsprogrammet. Dei kan og gi råd og rettleiing til elevar og føresette.

Helsesjukepleiar er på alle skulane i kommunen til faste tider. Vi har dessverre ikkje skulelege, men kan nytte helsestasjonslegen ved behov. Tilbodet er gratis.

Program

Vi har ulike faste oppgåver knytt til dei ulike klassetrinna.

 

Klassetrinn

Program for skulehelsetenesta

1 kl.

Helsesamtale saman med foreldre på helsestasjonen med legeundersøking og høyrselstest, vekt og høgde

2 kl.

Vaksinering

Difteri, tetanus, kikhoste og polio

3 kl.

Helsesamtale på skulen med måling av vekt og høgde. Vi snakkar om tema som søvn, trivsel, fysisk aktivitet og ernæring. Meir informasjon om dette kjem i eige skriv.  

4.kl

-

 

5.kl

Tilbod om pubertetsundervisning dersom skulen ønskjer det

6 kl.

Vaksinasjon

Meslinger, kusma og røde hunder (MMR)

7 kl.

Vaksinasjon Humant pappilomavirus (HPV)- obs ny vaksine etter 6 mnd- totalt 2 vaksiner

Vaksinasjon 

I forkant av vaksinasjonar blir det sendt ut skriv med informasjon og samtykkeskjema for vaksinasjon til heimen.

Vaksinasjonane blir utført på skulen. Tidspunkt for vaksinasjon vil bli opplyst om via skulen. 

Føresette til elevar på 2. trinn er velkomne til å følgje eleven dersom dei ønskjer dette. For oversikt over kva vaksiner barnet dykkar har fått tidlegare, kan du finne dette på Helsenorge.no sine sider. Logg deg inn her.

Tilbod utanom fast program

Vi har tilbod om open dør på skulen slik at elevane kan komma utan timeavtale. Vi tilbyr og oppfølging med samtalar for enkeltelevar som har trong for dette.

Skulehelsetenesta kan også delta på undervisning i klassane om ulike tema dersom skulen ønskjer det.

Døme på tema som kan drøftast med skulehelsetenesta er:  skuletrivsel, følelsar, søvnvanskar, kropp, pubertet, skilsmisse, sorg, vennskap, identitet, helseutfordringar osv.

Nye elevar ved skulen

Elevar som er nye ved skulen, vil få tilbod om ny-elev-samtale med helsesjukepleiar. Dette for at vi skal bli kjent med eleven og  for at eleven skal ha kjennskap til skulehelsetenesta. 

Vi har teieplikt

Skulehelsetenesta har teieplikt. Det vil sei at informasjon som eleven/de som føresette gir oss, ikkje kan delast med skulen med mindre eleven/ føresette samtykker til dette.  

Våre samarbeidspartnarar

Skulen er ein viktig samarbeidspartnar for skulehelsetenesta. Vi samarbeider også med, og kan tilvise vidare til, fastlegar, fysioterapeut, barnevern, PPT og psykolog.


Sist oppdatert: 31.01.2024
Publisert: 29.05.2018