HeimSkule og utdanningNy skule på Vaksdal

Ny skule på Vaksdal

Den nye skulen er planlagt for inntil 110 elevar fordelt på 1. - 7. klasse.

Planane er utforma med mogelegheit for fleksibilitet i rominndelinga. Skulen har og ein viktig funksjon som samlings- og møtestad for lokalsamfunnet. 

Skisse av fasade:

 

Skulen er plassert på tomta omlag der det gamle Coop-bygget var lokalisert.
Plasseringa gir ein open skuleplass med lys og sol frå sør og vest, og mogelegheiter for ulike aktivitetar.

Skulebygget får fasader av trepanel. Bygget blir på to etasjar med to sjølvstendige bygningar som bindast saman av eit mellombygg med felles funksjonar.

Småskuletrinnet 1. - 4. klasse, og SFO, er plassert i 1. etasje. Her er det òg mellom anna forskarom, mat og helse og personalgarderobe.

Hovudinngangen er i mellombygget og der er det areal for musikk, dans og drama med øvingsrom.

Ved større arrangement kan musikkrommet opnast opp mot samlingsarealet og kan gi plass til mange.

Plan1:

Plan 2:

Elevane på trinn 5. – 7. er på plan 2. Her er óg forskarrom og spesialrom for sløyd, tekstil og keramikk.
Her blir óg arbeidsplassar for pedagogar, administrasjon og helsesjukepleiar.
Personalrom og møterom er i mellombygget, og frå mesanin er det ope ned til samlingsarealet på plan 1.

Primær energikjelde for oppvarming av bygget blir grunnvarmepumpe. Dette vil redusere energikostnadane. VA anlegget til området blir fornya i same periode.


Sist oppdatert: 20.11.2020
Publisert: 19.11.2020