HeimSkule og utdanningSkulane våre

Skulane våre

Einingsleiar skule - Jill Bru Johansen
Mobil : 453 76 534 

 

Stanghelle skule

 Rektor Monika Antun

Rektor Monika Antun

Adresse 

Brekkjen 23 
5724 Stanghelle

Mobil til administrasjonen: 453 75 665

Her finn du Stanghelle skule. Sjå kart. 

SFO Stanghelle: 488 80 302 

Les direkte oppdatert nytt frå Facebooksida vår her.

Om Stanghelle skule

Stanghelle skule er ein fulldelt barneskule (1.-7. trinn). Skulen har 186 elevar, driftar 2 SFO-avdelingar og har 36 tilsette. Uteområdet til skulen er fint opparbeida med kunstgrasbane, skate-rampe, skogsområde, sandvolleybane og fleire leikeapparat. Det er store moglegheiter for bruk av naturområda rundt skulen.

På skulen har vi PALS (positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling i skulen) som eit viktig arbeidsverktøy for å skapa eit trygt læringsmiljø for elevane. Trivsel og tryggheit for alle elevane er viktig for skulen, og vi legg til rette for eit tett samarbeid mellom lærarar, fagarbeidarar/elevassistentar og mellom skulen og SFO.

Skulen si pedagogiske plattform har 3 kjerneverdiar som er utdjupa frå vår visjon om å gjere kvarandre gode. Kjerneverdiane er tydelege vaksne, elevmedverknad og godt samarbeid heim-skule. Lesing, samarbeidslæring, vurdering og det digitale klasserommet er viktige satsingsområde for skulen framover.

Hausten 2016 opna skulen nytt Læringssenter med ei heilt ny boksamling til glede for både elevar og tilsette.

SFO: 488 80 337 

Stamnes skule

 Rektor Jan-Erik Dahle

Rektor Jan-Erik Dahle

Mobil til lærarkontor: 453 77 312

Adresse 

Eidslandsvegen 850
5727 Stamnes

Her finn du Stamnes skule. Sjå kart. 

SFO: 488 80 353

 

Lenke til Instagram 

Om Stamnes skule

Stamnes skule er ein fådelt barneskule, som ligg 10 kilometer frå kommunesenteret Dale. Skulen vår er sertifisert som ein" Grønt Flagg Skule." Me har særleg fokus på miljø i vid forstand og har umiddelbar nærleik til fjord og fjell.

Me satsar på digitalisering og tilbyr alle elevane våre eiga Chromebook. 

Eksingedalen skule

Rektor Liv Anne Bergo

Rektor Liv Anne Bergo

Adresse 

Eksingedalsvegen 2240
5728 Eidslandet

Her finn du Eksingedalen skule. Sjå kart. 

Om Eksingedalen skule

Eksingedalen skule er ein 1- 10 skule. 
Skulen ligg på Bergo i Eksingedalen, med natur og jordbruk tett på. Dette nyttar skulen seg av i mange ulike fag.

Skulen har lang tradisjon for å jobba tverrfagleg og på tvers av klassetrinn.  På den måten bind ein elevgruppa saman og slik får ein læra saman med andre. Digitalisering er òg eit satsingsområde for skulen.

Me ynskjer motiverte elevar som er aktive i si eiga læring, der arbeidsoppgåver og tema opptek dei. I undervisninga vert undring og utforsking vektlagt. Barneskulen har mellom anna vunne sølv i Nysgjerrigper to år etter kvarandre.

Skulen er viktig i lokalsamfunnet – og lokalsamfunnet er viktig for skulen. Familiane og bygdefolket vert inviterte med i fag som ressurspersonar - og til sosiale samkome på skulen der elevane presenterer noko dei har lært og er gode til.

«Eksingedalen skule skal vera ein god stad å vera, ein god stad å læra – og gjera elevane trygge ut i verda» 

Dale skule

Rektor Magnar Helland

Rektor Magnar Helland

Undervisningsinspektør Ove Magne Straume

Undervisningsinspektør Ove Magne Straume

Adresse:

Dalseidvegen 7
5722 Dalekvam

Mobil til administrasjonen: 453 76 542

Her finn du Dale barne- og ungdomsskule. Sjå kart. 

Innlogging på læringsplattformen Canvas

Trykk her for å logge inn på Canvas


Sist oppdatert: 31.08.2020
Publisert: 24.05.2018